Meir enn pandemi

Share

Pandemien lurer bak det meste vi snakkar om. I kveld snakka eg med Aud Sunniva Fuhr i Kommunen informerer, og vi måtte jo innom temaet, men ho var oppteken av andre ting også. Ein kan samlast inntil 10, så kommunestyremøta må vere digitale, men utvalsmøta hadde vore i fysisk form sist veke, Det gjer noko med dynamikken når ein kan møtast fysisk som ein ikkje kan få digitalt.

Svein Inge Olsen har kome med ny bok: Den siste av dei gamle. Den handla om Bjørgulv Myhola, som var oldefar hans. Boka sitt første opplag var alt utseld, det meste var bortbestilt på førehand. Eg fekk vite at det kjem nytt opplag, Du er den første som får vite det, sa han og tenkte ikkje på at alle lyttarane også fekk vite det i sama stunda.

I samtalen med Johs. Bjørkeli om Cuba var nok pandemien det mest tydelege, for han og kona kom frå Cuba den dagen det stengte ned i fjor. Han har reist til Cuba kvart år i 15 år, først på reportasjereise for Fædrelandsvennen, sidan privat, han likar land og folk. Landet er blokkert av Vesten og får ikkje handle med andre enn land som Russland og China, så det er mykje fattigdom på landsbygda. Dei som har dollar, kan kjøpe det meste i dollarbutikkar, men det er jo bare dei rike som har det.

Til slutt snakka eg med Geir Daasvatn om den nye boka hans om Valle, ei vakker bildebok. Han har stoff til fleire bøker, før sommaren kjem boka om Bykle, då har han fullført ein etappe med bøker frå alle fire kommunane. Så undrar eg meg nok på kva neste etappe blir, det snakka han ikkje om no, kan hende får eg vite det seinare.