Hår og ull

Share

Mangt og mykje ein kan lage program om i Valle Radio. Både hår og ull. I kveld hadde Siri fått med seg Ronny Larsson, frisøren på Bygland som alt frå han var 15 år ville bli frisør og som no har flytta heim til Bygland etter mange år borte. Han har vore frisør både i Oslo og i Bygland, men borte bra, heime best.

Så kom turen til ulla. Då var det Olav K. Nomeland som fekk fortelje, og det som han trudde skulle bli ein halvtime, vart fort 40 minutt utan at han merka at tida gjekk. Han skulle vel helst ha vore i sauefjøset, for lamminga starta i kveld, men heldigvis kom han i radioen og gav lyttarane eit levande glimt av heieliv og saueliv.

Olav var bare 12 år første gong han reiste på heia og skulle gjete, så gjennom meir enn femti år har han hatt eit variert og rikt liv i Setesdal Vesthei. Som liten var han med far sin for å kjøre bagasje for folk frå Kristiansand både med kløv og slede. Hyttene som Turistforeninga har i Nomeland Driftehei fekk dei vedlikehald av og proviantkøyring til, så det har vore mange turar med lass langt inn i heia, heilt til Urdevatn og Håhellar, det var vel ein tre timars tur etter det han fortalde.

Olav er også saueklyppar og klypper sauene sine sjølv, så livet hans handlar mykje om sau. Og så snakka han særs fint om hunden som var den beste hjelpa for å halde styr på sauene. Når folka sette seg ned for ein kopp kaffi, sirkla hunden rundt sauene og heldt dei på plass. Ein hund han hadde kunne mest lese tankane hans bare ved å sjå på kroppsspråket.

Jo, både hår og ull kan få liv når ein god forteljar sit bak mikrofonen.