Sakprosa

Share

Eg held på å lese boka Det litterære skattkammer og der er det ei oversikt over mange sjangarar innan sakprosa. Ottar Grepstad har laga eit oversyn med 14 hovudgrupper og 53 undersjangrar. Det er litt å bryne seg på.

Først kjem biografisk framstilling, i denne har han undersjangrane dagbok, memoarar, sjølvbiografi og biografi. Eg tolkar det slik at ein blogg er innanfor denne gruppa, for ein blogg er vel helst som ei dagbok skriven på nettet. (At min blogg også ofte er skriven nokså seint på kvelden, på grensa til natt, og gjerne har med noko om det eg har vore oppteken med denne dagen, er vel eit teikn på det.)

Neste gruppe er topografisk framstilling og i denne gruppa har han reiseskildring, topografisk skildring og naturskildring.

Tredje gruppe er Historisk framstilling. I denne finn vi annal, krønike, historie og dokumentarisk skildring.

Pamflett og debattbok høyrer til fjerde gruppe.

I femte gruppe finn vi vitskapsprosa, der er undergruppene avhandling, utgreiing, artikkel, samandrag og framtidsstudie.

Eg stoppar der og vender tilbake til dagboka, som har fått over tre sider i Grenstad si bok i tillegg til å vere nemnd fleire stader.

Grenstad skriv at dagboka er i utgangspunktet unik, den finst i prinsippet bare som manuskript. Men forfattaren kan likevel ha vore vel vitande om at dagboka ein gong ville bli publisert.

Men bloggen er ein tekst som blir publisert kvar dag, det er altså ei slags offentleg dagbok.  Han nemner Åsmund Olavsson Vinje si bok Ferdaminne som eksempel på ei dagbok som vart skriven for å bli publisert.

Om eg skulle slumpe til å skrive ein tekst som Grauten på Grut er nok likevel tvilsamt.