Ballevik

Share

I den fiktive byen Ballevik der folka er ulike typar ballar, skaper Tomm Erichsen frå Kristiansand ei verd med relasjon til Setesdal og Valle. I kveld fortalde han om det i samtale med Siri Johannessen i Valle Radio, ho hadde fanga det opp frå Setesdølen, der det hadde gått meg hus forbi.

Sjølv fekk eg vere med i radioen i kveld med kåseriet Sakprosa, som eg skreiv på bloggen i går. Det var jo moro med gjenbruk og å kunne bruke litt av Aasmund Olavsson Vinje sin tekst frå Ferdaminni om Grauten på Grut, var også moro. Eg godta meg då eg kunne lese skildringa hans av korleis grauten rispa seg ned gjennom halsen.

Her kjem det:

Det var Havregraut af det rette Slaget, det. Saadirne stodo med Piggar nett som Busti paa ein Griserygg, og svart var han som Ostegraut. Eg fekk god Mjolk og aat og aat, og det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen neg igjenom Ovnspipa. Det var so det skalv i meg af all denne sæle Njoting med kver Biten. Men daa eg bar til at metna, tenkte eg paa at gjeva ut ei Lærebok i Etarvitenskapen (Gastronomi), der Grauten Paa Grut skulde vera fyrste Kapitelet. Storetarar skulde kjenna for ei Sæla det er, naar det soleides skrapar og riflar nedigjenom og river med seg gamle Matsyndir; men fyrst maatte dei liksom eg vera trøytte og skrubbsoltne og som ein Lutefisk utbløytte af Sveitting og Lauging.

Men alt som eg metnade, skoknade Eldhugen (Begeistringen) for Grauten og Læreboki: og alt det Svarte eg saag ikring af Fat og Spon (Ske) og Bord og Benk og Golv, alt dette gjorde, at eg berre reiv af meg den verste Solten og ikki vilde skriva ei lenger Lærebok enn desse Ord.