Eit lite stikk

Share

I dag var det min tur til å dra til Hald internasjonale senter der vaksineringa i Mandal er lokalisert. Alt klokka 9 skulle eg vere der, og då vi kom dit, var eg glad at Reidun kjørte meg, for det var svært mange bilar og ikkje så lett å finne parkeringsplass. Men eg kunne bare gå ut av bilen og overlate slike problem til henne.

I døra vart eg møtte av ein venleg mann som tok imot. Eg hadde munnbind med meg, men er er jo ikkje særleg van med det, så eg fumla litt før eg fekk det på meg. -Den blå sida skal vere ut og den skinna skal vere opp til nasen, slik ja.

Så kom eg inn, sprita hendene og vart geleida gjennom ein korridor til eit avlukke eg skulle vente, men akkurat då kom ein ut av sin bås og eg kunne gå rett inn og sette meg. Så fekk eg av meg jakken, drog opp ermet og staden for sprøyta vart vaska, -no kjem det eit stikk. og så var det over.

Ein gul lapp fortalde at eg fekk stikket mitt klokka 9.00, så måtte eg sitte i 20 minutt saman med mange andre, men med god avstand. Deretter var det bare å kome seg ut og vinke på privatsjåføren min, og så gjekk turen heim att.

Mange klagar over at dei får vondt i skuldera etterpå. Det fekk eg også.

Diverre gløymde eg å ta bilde relatert til hendinga, så eg får heller avslutte med ei lita historie. På Sørlandet sykehus i Kristiansand hadee dei ein lege som presenterte seg slik for pasientar: -Jeg heter Rolf Brun Bie og nå skal jeg stikke deg.

I dag las eg forresten i avisa Lindesnes eit lesarinnlegg: Biene dør mens regjeringen ser på. Men eg har fått mitt stikk og sluppe unna enn så lenge.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *