Fleire sakprosasjangrar

Share

Eg sa vel ikkje at eg skulle skrive om alle sakprosasjangrane på bloggen, men i kveld går eg vidare på det oversynet som Ottar Grepstad har i boka Det litterære skattkammeret.

Under dialogiske tekstar har han dialog, i sjangeren brev har han offisielt brev og privat brev. No til dags får ein nok mest offisielle brev, til dømes frå banken eller eit offentleg kontor. Privatbrev er det mindre av, noko som gjer at ein ikkje lenger kan tenke seg å kunne forske på kva ein kjent person meinte om saker i brev han skreiv .

Så kjem vi til kategorien Essayistikk. Her er essay, epistel, skisse og kåseri. I Valle Radio dyrkar vi framleis kåserisjangeren i programposten Kvarteret, ikkje alltid like vellukka i mi tid, men Asbjørn Kvalbein sine små kåseri i serien om det vi ikke må miste er ofte små perler i kåserisjangeren.

Ein sjanger eg ikkje har vore særleg oppteken av er den som Grepstad kallar Aforistisk kortprosa.  Her finn vi aforisme. fragment, maksime, sentens og ordtak.

I sjangeren lærebøker kjem lærebok, lesebok og førelesning og i populærvitskap  har vi innføringsbok, populær fagbok og foredrag. I går skreiv eg om lærebokforsking på bloggen, basert på ei liste eg fekk, så det er jo ein svært levande sjanger, ikkje minst for alle som går på skule.

I sjangeren religiøs forkynning og oppbygging har vi preike, andakt, bøn, katekisme og traktat. Tenk på Andaktsboklista til Per Emanuelsen, der finn du mange eksempel frå denne sjangeren.

Oppslagsboksjangeren har handbok, leksikon, ordbok og almanakk, men leksikon på papir er nok ein sjanger som ikkje lenger blir oppdatert. Internettet og mobiltelefonen gjer at vi har leksikon på mange bind med oss i lomma kvar dag.

Den siste hovudsjangeren Ottar Grepstad nemner er Juridisk tekst. Undersjangrane er lov, forskrift, føresegn, instruks, vedtekt, konvensjon, rettstale, kjennelse og dom.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *