Fribeegolf

Share

I kveldens sending i Valle radio fekk vi høyre om ein idrett eg aldri hadde høyrt om før. Den kallast frisbeegolf og blir spelt på ein frisbeegolfbane som er etablert på Øyne like nord for Valle sentrum. Det var Sondre Rua Dokken og Andreas Bjørgum Forde som fortalde om idretten i sendinga i kveld, som Sondre hadde ansvar for.

På banen er det sett opp korger som ein skal kaste i, avstanden kan vere frå 50 til 200 meter og kvar korg har eit tal for kor mange kast ein skal bruke. Det mest vanlege i Valle er etter det eg forstod tre kast. Klarar ein det, blir det kalla par. målet er å gå rundt banen med 16 korger og så halde par, Då er ein ganske dyktig, trur eg.

I denne idretten er det ikkje tidtaking, ein treng vel heller ikkje gå heile banen om tida ikkje strekk til, men ein tur blir det, og Sondre, som har hatt eit engasjemnt for Turistforeningen i samarbeid med kommunen, likar når han kan få folk ut på tur, kort eller lang.

Eg fekk ikkje med meg kor mange det er som har gått runden, kan hende har dei ikkje nokon statistikk på det. Men om to eller fleire går saman, vil dei nok oppleve at munnhellet Ut på tur, aldri sur, kanskje både blir sanna og avsanna: Sur når ein bommar, blid når ein treffer eller når kameraten bommar. I Valle er det høve til litt ekstra av begge deler ettersom ein må kaste over Otra for å kome til ei av korgene.

Wikipedia har ein artikkel om dette. Der fann eg bildet av ei slik korg som ein skal treffe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *