Ting fall på plass

Share

Når ein skal planlegge sendingi Valle radio, kan det av og til vere vanskeleg å få både idear og høve til å gjennomføre dei. Ting må falle på plass.

I dag tok eg ein prat med Siri Johannessen for å få nokre idear eg kanskje kunne bruke. Det var ikkje så mykje i Setesdølen i går som var relevant å spinne vidare på, sjølv om Hallvard T. Bjørgum sitt lesarbrev nok kunne høve.

Etter litt samtale om laust og fast slo det meg at det kunne vere ein ide å få med meg Svein Inge Olsen. Han har skrive bok om Bjørgulv Myhola og då eg ringte, var han svært positiv og ville gjerne vere med. Han heldt på å sende ut boka til alle som hadde bestilt, så det temaet var jo aktuelt.

Så kom eg til å tenke på at vi kunne ha eit innslag om Cuba. Jan Olsen sitt prosjekt har mange vener i Valle, men eg valde å ringe til Johs. Bjørkeli denne gongen og han fylgjer med på situasjonen på Cuba kvar dag, så vi kunne få ei kort oppdatering frå han.

Då hadde eg plass til ein sak til og kom til å tenke på at Geir Daasvatn har akkurat gjort ferdig ei bok om Valle i serien sin med bøker og tekstar frå Setesdal. Han ville også vere med, så plutseleg var heile timen frå 20 til 21 fylt opp. Det er godt å ha dette på plass før helga og sleppe å stresse sundag kveld og måndag morgon før annonsen skal sendast til avisa.

Denne gongen fall alt på plass. Vonar det vert ein variert kveld der mange vil høyre på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *