Solskinsdag

Share

Ein liten time i sola i ettermiddag gav meg sikkert ein dose D-vitamin, eller kva det no er for slags vitamin ein får av sola. Og så fann vi resten av eplekaka Reidun bakte til helga og fekk ein smak til ein kopp kaffe. Auga til Reidun må framleis dryppast, i kveld var det min jobb, vi bytter på det, Helge og eg.

Ein vert ikkje så produktiv når sola steiker, så eg har ikkje kome langt på skrivinga på Setesdalswiki, men eg har gjort klar noko stoff som truleg vil kome ein av dagane. Det handlar om De kirkelige landsmøtene, eg trur ikkje det er så mykje stoff om desse på Internett. Den boka eg hentar stoffet frå, er over 40 år gammal. Eit litt artig poeng er at ein av dei som medverka til at boka kom ut, budde eg saman med då eg gjekk på Bibelskolen i Oslo i 1966/67

Her er programmet for Valle Radio i morgon:

Program

18.00 Kvarteret

Programinformasjon ved Siri Johannessen, og det utsatte grubleriet fra 11. mai om vår og kortesjer,

  • «Traktor med henger» med Vazelina Bilopphøggers fra albumet Gammel Oppland (1994).

18.15 Andakt

ved Odd Rannestad om Lydia, fra Norea Mediemisjon,

  • T.B. Barratt: «Løft ditt blikk, du ungdomsflokk» med Odd Bergum fra albumet T.B. Barratts kjæreste sanger (2007).

18.30 Olavs musikktime

ved Olav Lindstølen

19.30 Timen

med Anders Dalseg fra Setesdal bygningsvernsenter.

med nytt fra Åpne Dører ved Olaug Lillian Bjørke og Ole Lilleheim om Perleprosjektet

20.30 Postludium

Niklos K. Besteland hadde valgt musikk av de tre store B’ene

21.00 Kyrkjebakken

  • Antonio Salieri: Del av «Imperial Fanfare».

Bursdagsgratulasjoner fra 1. juni.

  • Oslo Gospel Choir: «Velsignelsen» fra albumet Gloria.

Eksterne lenker

Samtale i vegkanten

Share

Vi sat ute og koste oss i solveggen i dag. Nedover Eskelandskleiva kom ein rullestol rullande. Det var vår tidlegare nabo Eva Torjussen som var på veg til kaffe hos dattera som bur her på Eskeland. Ho kallar stolen for Mercedesen sin og er glad for å kunne ta turen på den etter at ho ikkje lenger kan kjøre bil.

Så fekk det heller våge seg at havskodda kom inn i kveldinga, då var Eva sikkert tilbake i leiligheten sin i sentrum. Mange gjer som henne når hus og stor hage ikkje lenger kan haldast, dei sel eigedomen til nokon som vil bu landleg og finn i staden noko meir lettstelt nærare sentrum.

Det er nok ikkje så lett for oss, vi har ein landbrukseigedom med både skog og jord, så sjølv om det offentlege har teke ein del til sine føremål, er det framleis mykje å halde i stand. Heldigvis har vi ein dreng som klypper plenane for oss, og sjølv om A-magasinet denne veka omtalte plenar som grøn ørken, så er dei for oss ei lysning i skogen rundt oss.

Kan være et bilde av 1 person og gress

Verandabesøk

Share

Kan være et bilde av 1 person, tre og utendørs

I dag var,  det så fint at Reidun kunne løyse sudoku på verandaen. Då kom Unni og Harald Holmboe forbi, dei var på Kige, og så vart det kaffe og minibakkels i strålande sol.

Praten gjekk om laust og fast, og Reidun fann den siste utskrifta av slektsgranskinga som Helge lagar og som Margunn hadde med då ho var her sist veke. Unni og Reidun er søskenbarn, så dei hadde mykje å snakke saman om..

Eg las på Wikipedia at det er 167 med etternamnet Holmboe i Norge, Det kjem frå Danmark, det var ein holme utanfor Jylland, og dei som budde der, vart kalla holmboere, ein holmboe. Han har granska slekta langt tilbake på farssida, men på morssida har det vore vanskeleg.

Mormora kom frå Sarpsborg, og han var der for å finne huset, men det nummeret han hadde, kunne han ikkje finne. Difor sende han eit spørsmål til kommunen, så no ventar han på svar derifrå.

I kveld sende eg ei melding til han og oppfordra han til å spørje i ei facebookgruppe om Sarpsborg, kanskje dei kunne hjelpe. Det blir spennande å få vite om han finn ut meir.

 

Utfordringar

Share

Kvar dag fører med seg nye utfordringar som må løysast anten dei er små eller store. Reidun hadde time hos frisøren i dag og trong sjåfør, men min bil er i Oslo, så eg må krøke meg inn i hennar Jetta. Han er litt vanskeleg å få opp i fart om han ikkje er varm, så turen opp bakken frå oss er ei utfordring, i alle fall når det kjem bilar bak oss som ikkje har same problemet.

Neste gong skal eg starte han tidleg og la han svive til han blir varm, så håpar eg at eg slepp den utfordringa.

Dei indre bygder i Agder har utfordringar, dei og. Men 20. mai opnar Brokke-Suleskarvegen, og i år var ordførarane frå alle kommunane som grenser til vegen, eller som har nytte av vegen, samla til opninga, som endåtil kom på Distriktsnyhetene på NRK. Steinar Kyrvestad fortalde litt om dette i sendinga i radioen i går kveld. Nøringslivet i dalen opplever veldig vekst når vegen opnar og den er visst spesielt elska av motorsylkistar. Godt vaksne menn med stor kjøpekraft brukar vegen, det er bare ei utfordring å få dei til å stoppe og bruke pengane sine i Setesdal.

Reidar Tveito har kome med ei ny bok i år. Den handlar om Byglandsfjord og tek for seg tida frå istid til 1800, altså før staden vaks fram som eit trafikk-knutepunkt. Den boka hadde han brukt ein del tid på i arkiv for å finne stoffet, men no var boka ferdig og klar for sal. Han trudde nok ikkje ho hadde interesse for folk utanfor tettstaden, men eg var usamd med han og meinte at folk som likar lokalhistorisk litteratur, dei kan vere ei aktuell kundegruppe. Så han har utfordring med å finne dei folka som kjøper alt av lokalhistorisk litteratur. Men Norli Evje har i alle fall boka, det same har ein bokhandel på Sørlandssenteret. Så Reidar kan nok gå i gang med neste bok, eller utfordring, som det sikkert er.

Med traktor

Share

Min mann kan ikje gjere noko om han ikkje kan bruke traktor, var det ei bondekone som sa.

Tor Espen Helle kan meir enn å kjøre traktor til Kristiansand for å protestere mot bondeoppgjeret. I kveld var han med i radio og fortalde om korleis han opplevde turen. – Det var tommel opp frå alle som såg dei på vegen. Og Tor Espen talte med fynd og klem om kor viktig jobb bonden gjer. -Om du vil sjå grøne jorder og levande bygder, må du kjøpe norske varer og ikkje gå etter billige importerte varer.

Det same sa Jørund Kvåle Hansen som var Aust-Agder sin representant i kolonna som reiste til Oslo. Marknadsmakta er viktig, sa han og meinte at om kundene droppar å kjøpe produkt frå andre land, som billigkjedar som har i sal, så er det god hjelp.

Han kunne nok halde på ein halv time til, men den første halvtimen av den aktuelle timen var over, så eg måtte avslutte og heller ta ein prat med Terje Greibesland om satsinga til Setesdal bilruter. Dessverre var linja til hans telefon noko vanskeleg, så det var litt vondt å høyre på ham.

Men det var interessant å ha radio frå Mandal att.

Pinsekåseri

Share

Dette var kveldens kåseri i Valle Radio, som eg fekk halde. I morgon skal eg ha ansvar for heile programmet

I avisa las eg før pinse at det var mange som ikkje visste kvifor vi feirar pinse. Det er ikkje så unaturleg, for samanlikna med jul og påske er pinse ikkje så handfast og konkret, inga krybbe og ikkje noko kors.

På Facebook las eg i pinsehelga ein kommentar som spurde slik: Om jeg får en ny venn her på Facebook nå i pinsen, blir vi da pinsevenner? Eg svarte ikkje, men eitt svar kunne vel vere at alle som er døypte er også pinsevenner, for kyrkja lærer at i dåpen får vi Den heilage Ande.

Vi hadde besøk av datter vår, Margunn, i helga, og ho hadde med seg ei bok til meg. Ho er biblioteksjef i Bamble, og dei må jo kassere bøker for å få plass til nye. Då boka som pinsebevegelsen i Norge gav ut då dei runda 75 år skulle kasserast, den kom ut i 1981, så det var vel på høg tid, tenkte ho på meg.

Det eine fører til det andre, og eg tenkte på dei to pinsemenighetane i Setesdal Elim Evje og Klippen Bykle. Begge var nemnde, men bare så vidt. Heimesida til Elim Evje var mykje utvida sidan eg var innom den sist, så eg fann likevel nok til å kunne utvide artikkelen på Setesdalswiki.

Så tenkte eg at eg kanskje kunne skrive om dei folka som var nemnde der, og då leita eg etter Jon Gautestad, som han var kalla på Elim si heimeside. Men Margunn hjelpte meg der, for ho fortalde at han nok skreiv namnet sitt med ein h i John. Då synte det seg til og med at eg hadde artikkel om han, den hadde Geir skrive, men han hadde bare teke med aktiviteten innan idrett, så der kan eg nok utvide artikkelen litt etter kvart.

Det eg eigentleg hadde begynt på før alt dette skjedde, var å skrive om Det frivillige kirkelige landsmøte. Eg fann ei bok frå 1973, Kirkelig visjon – politisk dragkamp. Der var det ei liste over alle arrangementa som førte fram til at vi fekk Kyrkjemøtet. Dei heldt på i over 100 år. Den får eg nok også gjere ferdig etter kvart, om eg får nåde til det, som dei gamle sa.

 

Hyggeleg besøk

Share

Ettersom me no er vaksinerte, er det blitt lettare å ha besøk. Difor kom Margunn og Stein hit i pinsehelga, og det vart eit hyggeleg besøk. Helge har scanna inn i rekke bilder frå gamle album, dei kunne vi gle oss over å sjå gjennom, vi skulle rett nok hatt Brit med, for ho er ein kløppar til å kjenne att folk. Men ho var organistvikar i Varhaug pinsedag, så det gjekk jo ikkje.

Sjølv måtte eg og trø til på keyboarden vi har her heime. Men instilling Church organ tumla eg meg gjennom nokre pinsesalmar, det var ingen glede for meg, truleg heller ikkje for dei som høyrde på, for det vart mange feil. Men Helge ville høyre, han seier eg må spele litt kvar dag for å bli betre, og det har han rett i.

Stein fiksa middag den eine dagen, og det var ein variant av kylling som eg ikkje har smakt før, litt hans eiga tilpassa oppskrift. Eplekake og is til dessert var også smakfullt.

Ein felles aktivitet mellom måltida var quiz. Det skjerpar dei små grå, og vi deler på å spørje, då får alle vere med. Saman kunne vi sikkert gjort det sterkt på ein quiz.kveld.

Stein tok seg ein tur for å sjå på utbygginga av den nye vegen. Det vart ganske mange bilder han delte med oss på Facebook. Men han studerte også Kleveboka, den som handlar om bydelen der Reidun si mormor budde. Så tok han seg ein tur dit og tok bilder der også. Her er eitt frå Trappegata:

Kan være et bilde av vei

 

 

I fremmed drakt

Share

Mange bøker har gjennom åra kom i vegen min, ikkje alltid hugsar eg kvifor og korleis. Ei slik bok er I fremmed drakt av Jan Ørnulf Melbostad. Han fortel frå livet som misjonslege i Bhutan, landet han reiste til i 1976.

Livet som misjonær på Riiserbo hospital i fjellandet er eit liv der misjonæren ikkje kan forkynne med ord, men bare gjennom diakonalt arbeid. Men dei kristne som driv sjukehuset får samlast til gudstenester og andaktar og lokale folk kan vere med.

Søstera mi, Solvor og mannen hennar, Gaute Rasmussen, som no er pensjonert prest og bur på på Varhaug, var utsendingar for same organisasjonen, Santalmisjonen, og i går kveld såg vi på gamle bilete som Helge har digitalisert, mellom desse var også nokre frå mor og far sitt besøk i Bangladesh då Solvor var misjonær.

Då var det mor og far som var i framand drakt.

Pinsefest

Share

Etter at eg fekk boka om Pinsebevegelsen i 75, den som eg skreiv om på bloggen i går, høvde det godt å skrive litt om Elim Evje på Setesdalswiki i dag. Nå stod det ikkje så mykje om den i boka eg fekk, men på heimesida til Elim fann eg ein historikk som eg kunne utvide artikkelen med.

Men sjølv om eg leita ei god stund, var det vanskeleg å finne noko om dei folka som var med ved starten, Heller ikkje pastorane og andre leiarar var det lett å finne nok til å lage artiklar om. Truleg skulle eg hatt meir lokalhistorisk litteratur om Evje for å finne det, men det har eg jo ikje. Så vi får sjå om det dukkar opp noko etter kvart. Det er gjerne slik artiklane på Setesdalswiki veks., i rykk og napp når eg finn noko.

Men eg likar best å skrive ut frå ei rød lenke som alt ligg på der, for då blir ikkje artikkelen foreldrelaus. Så eg rotar og leiter og rotar ein gong til for å finne ei høveleg lenke å ta utgangspunkt i.

Dei andre i huset har drive med slektsgransking i dag. Men det gjeld helst slektsgransking her i området, og der er eg blank, eg er jo innflyttar. Heldigvis står det i Bibelen at ein skal ta seg godt av innflyttarar og flyktningar, for ein må hugse at eiga slekt har vore i same situasjonen. Og eg er blitt vel motteken her på Eskeland.

God pinse

 

Spennande bok

Share

I kveld kom Margunn på besøk, og ho hadde med ei bok som var kassert frå Bamble bibliotek. Tittelen på boka var Og Herren virket med,. Boka var 75 års jubileumsskrift for Pinsebevegelsen. Redaktør var Oddvar Nilsen, og boka var stappfull med klypp frå arbeidet i Norge og andre land.

I registeret i boka kunne eg raskt sjå at både Klippen Bykle og Elim Evje var med, og eg kunne utvide artikkelen om Elim Evje med namna på dei som var eldste i menigheten då han vart etablert.

Men dessvere stod det ikkje anna enn første bokstav på fornamnet, så eg kan ikkje utan vidare få artiklar om dei, først må eg finne ut fornamnet. Difor vender eg meg til dykk som les bloggen og lurer på om de kan hjelpe meg med namna. Her er det eg la til i artikkelen på Setesdalswiki:

Menigheten ble etablert 29. juni 1972Herman OrmestadTh. GautestadE. Mykland og F. Gautestad ble valgt til eldste.