I dag dukka det opp eit gammalt bilete på Facebook, Det var bonden og predikanten Tallak Hoslemo, så eg tok ein telefon til Tobias Salmelid for å høyre om han hadde meir informasjon,
Svaret eg fekk var nokså kort:
Hei Harald, fint at du tok kontakt, men eg kan ikkje hjelpa deg, dessverre. Det einaste eg har er «Haslemo, Tallak, f.1894, bonde i Bykle. Månedsarbeider i NLM i 40 år». Dei NLM-opplysningene eg hadde, har eg samla i ei privat bok, men greide ikkje å ajour-føre nyere personinformasjon. Skulle ha visst Tallak sitt dødsår. Lev vel! Tobias.
Då var det ei glede for meg å kunne vise til Heimar og folk i Bykle, der det står dette om Tallak Hoslemo:
- Tallak Olavsson Hoslemo, f 1878, d 1945
- g 1923 m Anne Pålsdtr. Brokka, f 1893, d 1985. Born:
- Sigrid, f 1924, forretningsdrivande, g 1949 m Knut Torjusson Rygnestad, Valle, busett Vågsbygd, sjå Fossheim, gnr 5, bnr 4
- Gunhild, f 1926, husmor, g m Tom Georg Bakkevoll, Søgne, busett Søgne, born:
-
- Gunstein, f 1955, busett Kristiansand
- Einar, f 1957, busett Søgne
- Alf, f 1955, busett Søgne
- Olav, f 1928, g m Åshild Tallaksdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
- Pål, f 1929, forretningsdrivande, g 1973 m Rakel Olette Larsen, Sandefjord, f 1931, busett Songdalen, sidan Kristiansand, born:
-
- Elin, fødd 1975, jfr. Kyrvestadbui, gnr 13, bnr 11 og Fossheim, gnr 5, bnr 4
- Ingebjørg, f 1935, landpostbod, d 1988, g m Olav Sordal, f 1929, d 1980, busett Bygland, ikkje born
- Dreng, f 1936, d 1999, skreddar, dreiv forretning med utleige av festklede, g 1960 m Torbjørg Torleivsdtr. Kvestad, f 1938, busett Krisitiansand, born:
-
- Leif Arild, g m Anne Brit
- Tom Vidar, g m Mona
- Jan Erik, jfr. Valle III, 228
Anne Pålsdotter kom frå Brokka i Oveinang, og var dotter åt Pål Pålsson (Byklum) Brokka og andre kona, Gunhild Drengsdotter, fødd Lunden.
Etter at Tallak var død i 1945, sat Anne i uskifte til 1953, då ho skøytte garden over på den eldste av sønene.
Om det er nokon som har meir informasjon, er eg takksam om du sender den til harhaugl@gmail.com
Og her er bildet som dukka opp: