Mange minner

Share

Gamle bilder kan ha mange funksjonar. Dei kan vekke til live gamle minner frå farne år, det er nok slik dei fleste brukar dei. Vi blar i album og minnest hendingar vi har vore med på og folk vi har møtt. Om dei har gode bildetekster, kan også etterkomarar ha glede av dei, men alt for mange bilder er ikkje sette inn i album og har heller ikkje fått nokon tekst.

Er det då bare å kaste dei?

På ingen måte, meiner eg. Om ingen har interesse av gamle bilder, bør dei donerast til eit arkiv som kan ta ansvar for dei, til dømes kommunalt eller fylkeskommunalt arkiv. Vi ser kva nytte det kan vere om ein gjer noko slikt når vi ser på programmet Det sit i veggane på TV. Der går folka i arkivet, finn ein arkivboks og leitar seg fram til folk som har budd i gamle hus. Program som Hvem tror du at du er eller andre av same type, der folk finn forfedre rundt om i verda, er interessante.

I kveld hadde vi ei slik oppleving av verdien av gamle bider. Helge har scanna inn bilder frå albuma til mor og far, og då søster Jorunn og mannen hennar, Ole Thorvald Moen kom på besøk, hadde vi felles framsyning på TV.

Det vart ei reise som kalla fram Minnenes melodi, store og små høve, folk og blomar dukka opp og skapte sang i sinnet.