Hyggeleg besøk

Share

Ettersom me no er vaksinerte, er det blitt lettare å ha besøk. Difor kom Margunn og Stein hit i pinsehelga, og det vart eit hyggeleg besøk. Helge har scanna inn i rekke bilder frå gamle album, dei kunne vi gle oss over å sjå gjennom, vi skulle rett nok hatt Brit med, for ho er ein kløppar til å kjenne att folk. Men ho var organistvikar i Varhaug pinsedag, så det gjekk jo ikkje.

Sjølv måtte eg og trø til på keyboarden vi har her heime. Men instilling Church organ tumla eg meg gjennom nokre pinsesalmar, det var ingen glede for meg, truleg heller ikkje for dei som høyrde på, for det vart mange feil. Men Helge ville høyre, han seier eg må spele litt kvar dag for å bli betre, og det har han rett i.

Stein fiksa middag den eine dagen, og det var ein variant av kylling som eg ikkje har smakt før, litt hans eiga tilpassa oppskrift. Eplekake og is til dessert var også smakfullt.

Ein felles aktivitet mellom måltida var quiz. Det skjerpar dei små grå, og vi deler på å spørje, då får alle vere med. Saman kunne vi sikkert gjort det sterkt på ein quiz.kveld.

Stein tok seg ein tur for å sjå på utbygginga av den nye vegen. Det vart ganske mange bilder han delte med oss på Facebook. Men han studerte også Kleveboka, den som handlar om bydelen der Reidun si mormor budde. Så tok han seg ein tur dit og tok bilder der også. Her er eitt frå Trappegata:

Kan være et bilde av vei