Verandabesøk

Share

Kan være et bilde av 1 person, tre og utendørs

I dag var,  det så fint at Reidun kunne løyse sudoku på verandaen. Då kom Unni og Harald Holmboe forbi, dei var på Kige, og så vart det kaffe og minibakkels i strålande sol.

Praten gjekk om laust og fast, og Reidun fann den siste utskrifta av slektsgranskinga som Helge lagar og som Margunn hadde med då ho var her sist veke. Unni og Reidun er søskenbarn, så dei hadde mykje å snakke saman om..

Eg las på Wikipedia at det er 167 med etternamnet Holmboe i Norge, Det kjem frå Danmark, det var ein holme utanfor Jylland, og dei som budde der, vart kalla holmboere, ein holmboe. Han har granska slekta langt tilbake på farssida, men på morssida har det vore vanskeleg.

Mormora kom frå Sarpsborg, og han var der for å finne huset, men det nummeret han hadde, kunne han ikkje finne. Difor sende han eit spørsmål til kommunen, så no ventar han på svar derifrå.

I kveld sende eg ei melding til han og oppfordra han til å spørje i ei facebookgruppe om Sarpsborg, kanskje dei kunne hjelpe. Det blir spennande å få vite om han finn ut meir.