Samtale i vegkanten

Share

Vi sat ute og koste oss i solveggen i dag. Nedover Eskelandskleiva kom ein rullestol rullande. Det var vår tidlegare nabo Eva Torjussen som var på veg til kaffe hos dattera som bur her på Eskeland. Ho kallar stolen for Mercedesen sin og er glad for å kunne ta turen på den etter at ho ikkje lenger kan kjøre bil.

Så fekk det heller våge seg at havskodda kom inn i kveldinga, då var Eva sikkert tilbake i leiligheten sin i sentrum. Mange gjer som henne når hus og stor hage ikkje lenger kan haldast, dei sel eigedomen til nokon som vil bu landleg og finn i staden noko meir lettstelt nærare sentrum.

Det er nok ikkje så lett for oss, vi har ein landbrukseigedom med både skog og jord, så sjølv om det offentlege har teke ein del til sine føremål, er det framleis mykje å halde i stand. Heldigvis har vi ein dreng som klypper plenane for oss, og sjølv om A-magasinet denne veka omtalte plenar som grøn ørken, så er dei for oss ei lysning i skogen rundt oss.

Kan være et bilde av 1 person og gress