Det går ikkje rundt

Share

Mange bønder er i opprør, frå heile landet gjekk det eit tog av traktorarr til Oslo i går. Tor Espen Helle la turen til Kristiansand, men Jørund Kvåle Hansen frå Bygland vart intervjua av Jorunn Lavik i Vårt Land i hovudstaden_

– Eg produserer mat til nesten 1.000 nordmenn, men det gjev meg ikkje inntekter nok til å brødfø mine eigne ungar ein gong.

Jørund Kvaale Hansen kikar utover Eidsvolls plass i Oslo. Til vanleg driv han gard med ammeku og gris i Setesdalen. No har han parkert traktoren sin framfor Stortinget, saman med bønder frå heile Noreg.

Tysdag kom dei til Oslo for å kreva storsatsing på jordbruket og for å protestera mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane.

– Eg vil ikkje gje meg som bonde, for slekta mi har drive garden i 600 år. Men om det ikkje endrar seg, vil eg nekta ungane mine å gå inn i dette, seier Hansen.

Held ved like jorda på 15 nedlagde garder

Sjølv jobbar Jørund Kvaale Hansen to årsverk på garden, men sit igjen med eit overskott på skarve 50.000 kroner i året.

– Det vesle overskottet må eg behalda for å sikra betalingsevna mi. Så løna mi på garden er eigentleg null. Eg har ein ekstrajobb som brannmann. Kona mi er lærar, det er ho som fyller kjøleskapet med mat.

Sidan han tok over garden for 10 år sidan, har han satsa for fullt. Investert og effektivisert. Medan far hans hadde seks kyr, har han 60. I tillegg slår han gras og held ved like jorda på 15 nedlagde garder i distriktet der han bur.

Men det er ikkje nok for å gå i pluss. Jørund Kvaale Hansen peiker på at gapet mellom inntekter og utgifter aukar.

– Bønder heng etter på inntekter samanlikna med resten av samfunnet. Eg får nesten det same for ein okse som det bestefar min fekk. Samstundes spring kostnadane frå oss. Kostnadane til maskiner har auka fleire titals prosent på få år. Den traktoren eg har kjøpt, er nesten meir verd no enn då då eg kjøpte han.

Charlotte Førde Skomsøy tok bildet

Jørind Kvaale Hansen ved egen traktor fremfor stortinget under bondedemonstrasjonen 11.05.21.

Her er heile artikkelen:

https://www.vl.no/nyheter/2021/05/11/eg-produserer-mat-til-nesten-1000-nordmenn-men-det-gjev-meg-ikkje-inntekter-nok-til-a-brodfo-mine-eigne-ungar-ein-gong/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *