Gamle bilete

Share

I dag dukka det opp eit gammalt bilete på Facebook, Det var bonden og predikanten Tallak Hoslemo, så eg tok ein telefon til Tobias Salmelid for å høyre om han hadde meir informasjon,

Svaret eg fekk var nokså kort:

Hei Harald, fint at du tok kontakt, men eg kan ikkje hjelpa deg, dessverre. Det einaste eg har er «Haslemo, Tallak, f.1894, bonde i Bykle. Månedsarbeider i NLM i 40 år». Dei NLM-opplysningene eg hadde, har eg samla i ei privat bok, men greide ikkje å ajour-føre nyere personinformasjon. Skulle ha visst Tallak sitt dødsår. Lev vel! Tobias.

Då var det ei glede for meg å kunne vise til Heimar og folk i Bykle, der det står dette om Tallak Hoslemo:

  • Tallak Olavsson Hoslemo, f 1878, d 1945
g 1923 m Anne Pålsdtr. Brokka, f 1893, d 1985. Born:

  • Sigrid, f 1924, forretningsdrivande, g 1949 m Knut Torjusson Rygnestad, Valle, busett Vågsbygd, sjå Fossheim, gnr 5, bnr 4
  • Gunhild, f 1926, husmor, g m Tom Georg Bakkevoll, Søgne, busett Søgne, born:
  • Olav, f 1928, g m Åshild Tallaksdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Pål, f 1929, forretningsdrivande, g 1973 m Rakel Olette Larsen, Sandefjord, f 1931, busett Songdalen, sidan Kristiansand, born:
  • Ingebjørg, f 1935, landpostbod, d 1988, g m Olav Sordal, f 1929, d 1980, busett Bygland, ikkje born
  • Dreng, f 1936, d 1999, skreddar, dreiv forretning med utleige av festklede, g 1960 m Torbjørg Torleivsdtr. Kvestad, f 1938, busett Krisitiansand, born:
  • Leif Arild, g m Anne Brit
  • Tom Vidar, g m Mona
  • Jan Erik, jfr. Valle III, 228

Anne Pålsdotter kom frå Brokka i Oveinang, og var dotter åt Pål Pålsson (Byklum) Brokka og andre kona, Gunhild Drengsdotter, fødd Lunden.

Etter at Tallak var død i 1945, sat Anne i uskifte til 1953, då ho skøytte garden over på den eldste av sønene.

Om det er nokon som har meir informasjon, er eg takksam om du sender den til harhaugl@gmail.com

Og her er bildet som dukka opp:

Kan være et bilde av en eller flere personer

2 tankar om “Gamle bilete”

  1. Dette er Tallak Nordgard som var gift med Anne
    Torleivsd Brokke. Det var han som var emmisær.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *