Kjendis i Setesdal

Share

Lenge før omgrepet kjendis var importert frå svensk, budde det ein kjendis i Setesdal. I dag var det artikkel om Bjørgulv Myhola i Fædrelandsvennen, og det var interessant å lese om han. Grunnen til at han vart kjendis var kanskje at han nytta okse som trekkdyr i staden for hest. Når han kom med den over brua på Storestraumen, var det mange som ville bli fotograferte  saman med den underlege ekvipasjen.

Bjørgulv Myhola var oldebarn av eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten og barnebarn av setesdalskjempa Bjørgulv Uppstad. I den tida var det neveretten som rådde, den sterkaste vann. Ein grunn til det kunne vere at lensmannen som regel var langt borte.

Myhola ligg i heia mellom Bygland og Åseral. Under krigen var det planar om veg mellom bygdene, men den vart det ikkje noko av. I dag står det att ei bru midt i heia der vegen var planlagd. Bare sauene nyttar den.

På sine gamle dagar flytta Bjørgulv Myhola til Setesdal og budde på Skomedal. Svein Inge Olsen hugsar han frå den tida og har teke vare på nokre av forteljingane om han i den boka som no har kome ut, og den selde så godt at første opplaget alt er utseld, han måtte trykke nytt opplag for å dekke etterspurnaden.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *