Kom mai, du skjønne milde

Share

Eg trur alle stemmer i sangen Kom mai, du skjønne, milde i år. April har vore kaldare enn på 30 år, sa dei i Vermeldinga i dag. Sjølv om sola skin, har kald vind gjort at ein helst må ha godt med klede på seg om ein vågar seg til å sitje ute.

I mai er det ikkje lenger oppsette sendingar i Valle Radio på onsdagane, men tysdagssendingane held fram. Eg og Siri har snakka litt om at vi kanskje kan få til nokre sendingar også i mai.

Mai er også ein månad der mange i familien har bursdag, men korona gjer det vanskeleg med særleg stor feiring. Eg snakka med søskenbarnet mitt, Brit, i dag. Ho bur på Varhaug og kunne nok hatt selskap, det er lite smitte der, men ho droppar det i solidaritet med landet elles.

I kyrkjene er det også problem, mange konfirmasjonar er utsette til hausten, så får vi håpe at folk er vaksinerte og at livet kan bli litt meir normalt att. Eg ser fram til 20. mai, då skal eg få andre sprøyta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *