Veteranbilgudsteneste

Share

I dag hadde eg ein hyggeleg prat med Torbjørn Greipsland. Han er frå Mandal og bur i Askim, men er heime kvar sommar. Då reiser han og nokre venner på Veteranbilgudsteneste, og etter forespurnad frå veteranbilbladet Fjærbladet. Det blei også trykt i Åseral kyrkjeblad.

Den 16. juli førde alle vegar til Åseral

Gudstenesta i Åseral kyrkje for veteran-entusiastar er i seg sjølv i ferd med å bli ein veteran. Sundag 16. juli var veteranbilgudsteneste nr. —. Ikkje dårleg. Og endå betre, nok ein  gong fullstappa kyrkje. Vanlegvis held det å komme til kyrkja nokre minutt før kl.11. Men skal ein få ein  god plass å veteranbilgudstenesta, må ein vere tidleg ute.

Men Elling Eikerapen som kyrkjevert fann plass også til dei som ikkje var så tidleg ute. Men det kom likevel godt med at det var sett ut benkar utanfor kyrkja.

Å arrangere ei slik gudsteneste med plass til både alvor og skjemt, må vere svært så hyggeleg. Ikkje minst set songen og musikken eit solid preg på samlinga.  Siri Mari Aasland og mannskoret  «Frelste syndere» – sjølvsagt med dame som pianospelar –  utfylte kvarandre godt. Koret som vågar å ha ordet «syndere» i namnet, la ikkje skjul på i den friske songen, at namnet får fram det dei vil formidle, nemleg at Jesus tilgjev syndene, for alle.

Også organist Reidar Skaaland og Espen Egeland på trombone sette sitt markante preg på gudstenesta.  Då postludiet lydde, var det fleire som ønska å høyre endå meir oppløftande musikk.

Men også prest og veteranbileigar Anders Mathias Larsen har eit godt tak på gudstenesta.

Når preiketeksta var frå Lukas kapittel fem om disiplane som fekk så mykje fisk på Jesu ordre, så hadde Larsen sjølv fiskehistorier å fortelje. Så vel som andre hendingar frå kvardagslivet for å illustrere bibelteksta.  Og tekstas viktige bodskap var at disiplane skulle ikkje fange fisk lenger, men fange menneske, det vil seie forkynne frelsesbodskapen om Jesus slik det også blei gjort i Åseral kyrkje denne sundagen.

Men fleire enn dei her nemnde var med og gjorde veteranbilgudstenesta til ei høgtidsstund. Ikkje minst dei som laga velsmakande kaker. Utan tvil  var det ingen andre gudstenester her i landet denne sundagen som kunne varte opp med så masse kaker ute i det fri.

I gamle dagar hadde gudstenesta ein viktig funksjon som formidlar av nyheiter. Det skjedde ikkje minst på kyrkjebakken etter gudstenesta. Også denne sundagen gjekk praten livleg for seg om skinande, fine bilar av alle fasongar og fargar. Å – om bilane kunne ha tala!

Om det blei noko kjøp og sal slik det hende i gamla dagar, veit eg ikkje.  Men ei slik mønstring av hestekrefter, ikkje minst amerikanske frå prærien, det høver godt i bygda Åseral der mange emigrerte, og ein god del kom att med dollar og dollarglis  som lyste lang veg.

Ei av tekstene som blei lesen i kyrkja, var om Abraham som Gud kalla til å dra frå Ur i Kaldea til landet som blei heitande Israel. Han hadde nok smilt i skjegget hadde han skjøna at 16. juli 2017, nær fire tusen år seinare, skulle folk sitje i Åseral og høyre historia om han. Men den høver jo godt, for Abraham er sanneleg ein veteran. Også dei kamelane han rei på.  Dei kan så menn samanliknast med dagens veteranbilar, i kvalitet og alder, anten det er i ørkensand for kamelane eller på asfalt opp gjennom dalen for bilane.

Eg trur Abraham sette seg langt ute på himmelkanten denne sundagen for å følgje med, sjå på folk og bilar.

Torbjørn Greipsland vil nok dra på veteranbilgudsteneste i sommar også om det blir mogleg når alle er vaksinerte  og koronaen slepper taket.

Kjendis i Setesdal

Share

Lenge før omgrepet kjendis var importert frå svensk, budde det ein kjendis i Setesdal. I dag var det artikkel om Bjørgulv Myhola i Fædrelandsvennen, og det var interessant å lese om han. Grunnen til at han vart kjendis var kanskje at han nytta okse som trekkdyr i staden for hest. Når han kom med den over brua på Storestraumen, var det mange som ville bli fotograferte  saman med den underlege ekvipasjen.

Bjørgulv Myhola var oldebarn av eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten og barnebarn av setesdalskjempa Bjørgulv Uppstad. I den tida var det neveretten som rådde, den sterkaste vann. Ein grunn til det kunne vere at lensmannen som regel var langt borte.

Myhola ligg i heia mellom Bygland og Åseral. Under krigen var det planar om veg mellom bygdene, men den vart det ikkje noko av. I dag står det att ei bru midt i heia der vegen var planlagd. Bare sauene nyttar den.

På sine gamle dagar flytta Bjørgulv Myhola til Setesdal og budde på Skomedal. Svein Inge Olsen hugsar han frå den tida og har teke vare på nokre av forteljingane om han i den boka som no har kome ut, og den selde så godt at første opplaget alt er utseld, han måtte trykke nytt opplag for å dekke etterspurnaden.

 

Mange minner

Share

Gamle bilder kan ha mange funksjonar. Dei kan vekke til live gamle minner frå farne år, det er nok slik dei fleste brukar dei. Vi blar i album og minnest hendingar vi har vore med på og folk vi har møtt. Om dei har gode bildetekster, kan også etterkomarar ha glede av dei, men alt for mange bilder er ikkje sette inn i album og har heller ikkje fått nokon tekst.

Er det då bare å kaste dei?

På ingen måte, meiner eg. Om ingen har interesse av gamle bilder, bør dei donerast til eit arkiv som kan ta ansvar for dei, til dømes kommunalt eller fylkeskommunalt arkiv. Vi ser kva nytte det kan vere om ein gjer noko slikt når vi ser på programmet Det sit i veggane på TV. Der går folka i arkivet, finn ein arkivboks og leitar seg fram til folk som har budd i gamle hus. Program som Hvem tror du at du er eller andre av same type, der folk finn forfedre rundt om i verda, er interessante.

I kveld hadde vi ei slik oppleving av verdien av gamle bider. Helge har scanna inn bilder frå albuma til mor og far, og då søster Jorunn og mannen hennar, Ole Thorvald Moen kom på besøk, hadde vi felles framsyning på TV.

Det vart ei reise som kalla fram Minnenes melodi, store og små høve, folk og blomar dukka opp og skapte sang i sinnet.

 

Bygdevekst

Share

I Setesdølen 20. april var Signe Sollien haugå og Ole Magne Omdal intervjua om bygdevekst. Akkurat som byane har byvekstavtalar bør bygdene få bygdevekstavtalar, meinte dei.

Men desse avtalane kan ikkje vere like. Byvekstavtalar fokuserer på å få folk til å redusere biltrafikk og heller bruke buss. Ein bygdevekstavtale kan heller fokusere på å skape arbeidsplassar, for det er jo det som er nødvendig for å halde folk i bygdene.

Det er godt å bu på bygda, fritt for trafikk-kø og eksos, nok av rein luft og andre positive livskvalitetar. Men utan arbeid vil jo ikkje folk bu på bygdene. Nokon vel likevel å bu i byen og pendle til jobb i Setesdal. Senterpartiet ville nok helst at dei flytta til bygda.

Om dette er eit tema som slår an i valkampen, er ikkje godt å seie. Men Senterpartiet har hatt stor respons på meiningsmålingar den siste tida, så det er ikkje sikkert at Setesdal blir raudmåla ved dette valet. Men no er det stortingsval, så Arbeiderpartiordførarane kan sitje tygt i stolane sine.

Mercy Ships

Share

Mercy Ships driv hospitalskip som reiser til stader over heile verda der det er vanskeleg å få anna legehjelp. Det er mest som hospitalskipet Elieser som vart til betelskipet, der starta også det som hospitalskip, då i samband med fiskeria på kysten her i landet, både i sør og i nord.

I dag kom eg over ei spesiell soge som eg vil dele med dykk. Eg las om Mercy Ships i dagens Vårt Land og etter det googla eg meg til heimesida deira der denne forteljinga låg:

(Utdrag fra Ships of Mercy av Don Stephens)
På vei ombord i «Anastasis» så en av våre frivillige at det begynte å prette fisk ut av sjøen. Hun løp til alle hun så og ba dem finne noe bærbart. Vi var helt blakke, så her ante vi middagsmuligheter.

Mercy Ships’ frivillige og de lokale i området samlet opp fisk i bøtter og spann. Så stoppet det hele, like brått som det begynte.

Fisken var en slags sildetype, og den norske kokken var henrykt. Det var de rundt 30 andre skandinaviske frivillige også. Alle nøt vi måltidene med ultra-fersk fisk rett fra Middelhavet.

Tre dager senere ropte Deyon på meg. «Du må komme og se! Fiskene hopper på land igjen.» Jeg var egentlig på vei til et møte, men dette ville jeg ikke gå glipp av. Selv om jeg likte å fiske i Colorados elver som barn, har jeg aldri fått særlig mye fisk.

Det var litt av et syn. Fisk i tusentall hoppet opp på stranda. Vi plukket alle vi kunne klare å få med oss, i plastikkposer, bøtter, ja til og med i trillebårer.

Da vi skulle rense og filetere dem i byssa etterpå, telte vi 8 301 fisker, til sammen nesten to tonn!

De lokale familiene i området var like forundret som oss. Ingen av dem hadde sett noe lignende før. Slike nyheter sprer seg, og før vi visste det fikk vi besøk av et TV-team fra det greske svaret på CNN. «Dere har altså fått fiskene til å hoppe på land,» sa den ene reporten. «Nei, dette hadde ikke vi noe med,» svarte vi.

Likevel ble det en svær sensasjonsreportasje på gresk TV i beste sendetid.

Måneder senere, da vi endelig var seileklare, ble vi invitert på middag av et gresk rederi i Athens Yacht Club. Der møtte jeg blant annet en reder som hadde kommet med motbud da vi kjøpte «Victoria». Han hadde kjøpt et annet skip i Sør-Amerika, og nå skulle han ominnrede det. Så, uten noe om og men, tilbød han oss 1 mill. USD i kontanter for å bytte skip. Det ble en bekreftelse for meg på at vi hadde valgt riktig.

Så her var vi altså, på middag med alle disse rederne av samme kaliber som Aristotle Onassis. Og gjett hva de spurte oss om å ta med til middagen? Jo, fisken som hadde hoppet på land, tilberedt av den norske kokken vår.

black and white photograph of the fish miracle Greece '81 photo 2

Tysdag, men ikkje onsdag

Share

Denne veka er det bare sending tysdag. Her hadde Siri Johannessen funne eit variert program der ho både hadde ein prat med Kim Roger Larsen om musikk, Knut Inge Hovet om å vere elektrikar i Setesdal og Petter Seppola Larsen om å vere helikopterflygar på brannvakt på Ljosland.

I tillegg hadde ho besøk av Niklos K. Besteland med Postludium, og sjølv hadde ho ein nydeleg Musikkhalvtime og ei lang liste med gratulasjonar til slutt.

Her er programmet:

Program

  • «Since I laid my burdens down» med Glenn Kaiser fra albumet Bound for glory (2006),
  • «Let down your net» med Christian Blues fra singelen «Let down your net» (2012),
  • «Personal Jesus» med Eddie Matthews & Larry Maz fra albumet Christian blues, Vol. 2 (2010).

18.00 Kvarteret

Programinformasjon ved Siri Johannessen, og et kåseri ved Asbjørn Kvalbein om «takt».

  • «Til en velsignelse gjør meg i dag» med Margaret & Edward Hannevik fra albumet Duetter fra gatehjørnet (2003).

18.15 Over en åpen bibel

ved Odd Rannestad om Marta, Maria og Lasarus, fra Norea Mediemisjon,

  • «Marta og Maria» med Lotta Svartdahl fra albumet Alle tiders (2002).

18.30 Mann og musikk

et møte med Kim Roger Larsen: Musiker og låtskriver fra Mosby

  • «A music man» med Mo Pitney fra albumet Ain’t lookin’ back (2020),
  • «’till the end» med Inger Lise Stulien fra albumet Nashville (2020).

19.00 Musikkhalvtime

ved Siri Johannessen

  • «Wayfaring stranger» med Charlie McCoy fra albumet Precious memories (2011),
  • Thomas A. Dorsey: «Peace in the valley» med George Jones fra albumet The gospel collection: George Jones sings the greatest stories ever told (2003),
  • Will L. Thompson: «Softly and tenderly» med George Jones fra albumet The gospel collection: George Jones sings the greatest stories ever told (2003),
  • James Cleveland Moore, Sr.: «Where we’ll never grow old» med George Jones fra albumet The gospel collection: George Jones sings the greatest stories ever told (2003),
  • «Swing low, sweet chariot» med George Jones fra albumet The gospel collection: George Jones sings the greatest stories ever told (2003).

19.30 Timen

med Knut Inge Hovet fra Knut Hovet Installasjonar og Ose Water med meir,

  • «Eg e frå bygdinn» med Åsmund Åmli Band fra albumet Panorama (2008),
  • «Tel våren skar jeg sjøsetta båt» med Vazelina bilopphøggers fra albumet Tempo (1989),

og flyger Petter Seppola Larsen på skogbrannhelikopteret på Ljosland (Helitrans),

  • «Self-inflicted wounds» med Joe Bonamassa fra albumet Redemption (2018).

20.30 Postludium

Musikken var valgt av Niklos K. Besteland og tema var «Vater unser».
  1. Mogens Pedersen (ca 1525-1600):Fader vor udi Himmerig. København Drengekor dirigert av Niels Møller
  2. Jan Pieterzoon Sdweelinck (1562-1621): Koralvariasjonar over Vater unser in Himmelreich. Vincent van Laar på orgelet i Blessum reformeert kerk
  3. Johan Pachelbel (1653-1706): Orgelkoral over same tema spelt av Wim van der Penne på orgelet i St. Janskerk i Gouda
  4. Johann Ludwig Krebs (1713-1780): Vater unser, frå samlinga Clavierübung, nr. 7 spelt av Wolfgang Stockmeier på orgelet i Agathakirche i Mettingen
  5. Reinahard Schwartz-Schilling (1904-1985): Vater unser for 4-10-stemmig kor. Thomanerkoret, dirigent Georg Christian Biller.

Gamle bilete

Share

I dag dukka det opp eit gammalt bilete på Facebook, Det var bonden og predikanten Tallak Hoslemo, så eg tok ein telefon til Tobias Salmelid for å høyre om han hadde meir informasjon,

Svaret eg fekk var nokså kort:

Hei Harald, fint at du tok kontakt, men eg kan ikkje hjelpa deg, dessverre. Det einaste eg har er «Haslemo, Tallak, f.1894, bonde i Bykle. Månedsarbeider i NLM i 40 år». Dei NLM-opplysningene eg hadde, har eg samla i ei privat bok, men greide ikkje å ajour-føre nyere personinformasjon. Skulle ha visst Tallak sitt dødsår. Lev vel! Tobias.

Då var det ei glede for meg å kunne vise til Heimar og folk i Bykle, der det står dette om Tallak Hoslemo:

  • Tallak Olavsson Hoslemo, f 1878, d 1945
g 1923 m Anne Pålsdtr. Brokka, f 1893, d 1985. Born:

  • Sigrid, f 1924, forretningsdrivande, g 1949 m Knut Torjusson Rygnestad, Valle, busett Vågsbygd, sjå Fossheim, gnr 5, bnr 4
  • Gunhild, f 1926, husmor, g m Tom Georg Bakkevoll, Søgne, busett Søgne, born:
  • Olav, f 1928, g m Åshild Tallaksdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Pål, f 1929, forretningsdrivande, g 1973 m Rakel Olette Larsen, Sandefjord, f 1931, busett Songdalen, sidan Kristiansand, born:
  • Ingebjørg, f 1935, landpostbod, d 1988, g m Olav Sordal, f 1929, d 1980, busett Bygland, ikkje born
  • Dreng, f 1936, d 1999, skreddar, dreiv forretning med utleige av festklede, g 1960 m Torbjørg Torleivsdtr. Kvestad, f 1938, busett Krisitiansand, born:
  • Leif Arild, g m Anne Brit
  • Tom Vidar, g m Mona
  • Jan Erik, jfr. Valle III, 228

Anne Pålsdotter kom frå Brokka i Oveinang, og var dotter åt Pål Pålsson (Byklum) Brokka og andre kona, Gunhild Drengsdotter, fødd Lunden.

Etter at Tallak var død i 1945, sat Anne i uskifte til 1953, då ho skøytte garden over på den eldste av sønene.

Om det er nokon som har meir informasjon, er eg takksam om du sender den til harhaugl@gmail.com

Og her er bildet som dukka opp:

Kan være et bilde av en eller flere personer

Politikarstev

Share

I samband med at Setesdal sin tradisjon med folkemusikk, stev og dans kom på UNESCO si liste for immateriell kultorarv, skreiv eg i januar at politikarane måtte få sitt stev. Men ingen tok den utfordringa så langt, og saka held på å kome i gløymeboka.  Difor kjem det her ei påminning.

I år er det jo også valkamp, så då burde kanskje også sentrale politikarar som vil på Stortinget ha sine stev. Men her får vi vel halde oss til lokalpolitikarane enn så lenge.

Vi fann fram spanna med raude måling
vann heile Setesdal utan jåling.
I Bykle lever vi utan stress
og sjefen her, det er Jon Rolf Næss.

Kom mai, du skjønne milde

Share

Eg trur alle stemmer i sangen Kom mai, du skjønne, milde i år. April har vore kaldare enn på 30 år, sa dei i Vermeldinga i dag. Sjølv om sola skin, har kald vind gjort at ein helst må ha godt med klede på seg om ein vågar seg til å sitje ute.

I mai er det ikkje lenger oppsette sendingar i Valle Radio på onsdagane, men tysdagssendingane held fram. Eg og Siri har snakka litt om at vi kanskje kan få til nokre sendingar også i mai.

Mai er også ein månad der mange i familien har bursdag, men korona gjer det vanskeleg med særleg stor feiring. Eg snakka med søskenbarnet mitt, Brit, i dag. Ho bur på Varhaug og kunne nok hatt selskap, det er lite smitte der, men ho droppar det i solidaritet med landet elles.

I kyrkjene er det også problem, mange konfirmasjonar er utsette til hausten, så får vi håpe at folk er vaksinerte og at livet kan bli litt meir normalt att. Eg ser fram til 20. mai, då skal eg få andre sprøyta.