Pinsekåseri

Share

Dette var kveldens kåseri i Valle Radio, som eg fekk halde. I morgon skal eg ha ansvar for heile programmet

I avisa las eg før pinse at det var mange som ikkje visste kvifor vi feirar pinse. Det er ikkje så unaturleg, for samanlikna med jul og påske er pinse ikkje så handfast og konkret, inga krybbe og ikkje noko kors.

På Facebook las eg i pinsehelga ein kommentar som spurde slik: Om jeg får en ny venn her på Facebook nå i pinsen, blir vi da pinsevenner? Eg svarte ikkje, men eitt svar kunne vel vere at alle som er døypte er også pinsevenner, for kyrkja lærer at i dåpen får vi Den heilage Ande.

Vi hadde besøk av datter vår, Margunn, i helga, og ho hadde med seg ei bok til meg. Ho er biblioteksjef i Bamble, og dei må jo kassere bøker for å få plass til nye. Då boka som pinsebevegelsen i Norge gav ut då dei runda 75 år skulle kasserast, den kom ut i 1981, så det var vel på høg tid, tenkte ho på meg.

Det eine fører til det andre, og eg tenkte på dei to pinsemenighetane i Setesdal Elim Evje og Klippen Bykle. Begge var nemnde, men bare så vidt. Heimesida til Elim Evje var mykje utvida sidan eg var innom den sist, så eg fann likevel nok til å kunne utvide artikkelen på Setesdalswiki.

Så tenkte eg at eg kanskje kunne skrive om dei folka som var nemnde der, og då leita eg etter Jon Gautestad, som han var kalla på Elim si heimeside. Men Margunn hjelpte meg der, for ho fortalde at han nok skreiv namnet sitt med ein h i John. Då synte det seg til og med at eg hadde artikkel om han, den hadde Geir skrive, men han hadde bare teke med aktiviteten innan idrett, så der kan eg nok utvide artikkelen litt etter kvart.

Det eg eigentleg hadde begynt på før alt dette skjedde, var å skrive om Det frivillige kirkelige landsmøte. Eg fann ei bok frå 1973, Kirkelig visjon – politisk dragkamp. Der var det ei liste over alle arrangementa som førte fram til at vi fekk Kyrkjemøtet. Dei heldt på i over 100 år. Den får eg nok også gjere ferdig etter kvart, om eg får nåde til det, som dei gamle sa.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *