Utfordringar

Share

Kvar dag fører med seg nye utfordringar som må løysast anten dei er små eller store. Reidun hadde time hos frisøren i dag og trong sjåfør, men min bil er i Oslo, så eg må krøke meg inn i hennar Jetta. Han er litt vanskeleg å få opp i fart om han ikkje er varm, så turen opp bakken frå oss er ei utfordring, i alle fall når det kjem bilar bak oss som ikkje har same problemet.

Neste gong skal eg starte han tidleg og la han svive til han blir varm, så håpar eg at eg slepp den utfordringa.

Dei indre bygder i Agder har utfordringar, dei og. Men 20. mai opnar Brokke-Suleskarvegen, og i år var ordførarane frå alle kommunane som grenser til vegen, eller som har nytte av vegen, samla til opninga, som endåtil kom på Distriktsnyhetene på NRK. Steinar Kyrvestad fortalde litt om dette i sendinga i radioen i går kveld. Nøringslivet i dalen opplever veldig vekst når vegen opnar og den er visst spesielt elska av motorsylkistar. Godt vaksne menn med stor kjøpekraft brukar vegen, det er bare ei utfordring å få dei til å stoppe og bruke pengane sine i Setesdal.

Reidar Tveito har kome med ei ny bok i år. Den handlar om Byglandsfjord og tek for seg tida frå istid til 1800, altså før staden vaks fram som eit trafikk-knutepunkt. Den boka hadde han brukt ein del tid på i arkiv for å finne stoffet, men no var boka ferdig og klar for sal. Han trudde nok ikkje ho hadde interesse for folk utanfor tettstaden, men eg var usamd med han og meinte at folk som likar lokalhistorisk litteratur, dei kan vere ei aktuell kundegruppe. Så han har utfordring med å finne dei folka som kjøper alt av lokalhistorisk litteratur. Men Norli Evje har i alle fall boka, det same har ein bokhandel på Sørlandssenteret. Så Reidar kan nok gå i gang med neste bok, eller utfordring, som det sikkert er.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *