Veteranbilgudsteneste

Share

I dag hadde eg ein hyggeleg prat med Torbjørn Greipsland. Han er frå Mandal og bur i Askim, men er heime kvar sommar. Då reiser han og nokre venner på Veteranbilgudsteneste, og etter forespurnad frå veteranbilbladet Fjærbladet. Det blei også trykt i Åseral kyrkjeblad.

Den 16. juli førde alle vegar til Åseral

Gudstenesta i Åseral kyrkje for veteran-entusiastar er i seg sjølv i ferd med å bli ein veteran. Sundag 16. juli var veteranbilgudsteneste nr. —. Ikkje dårleg. Og endå betre, nok ein  gong fullstappa kyrkje. Vanlegvis held det å komme til kyrkja nokre minutt før kl.11. Men skal ein få ein  god plass å veteranbilgudstenesta, må ein vere tidleg ute.

Men Elling Eikerapen som kyrkjevert fann plass også til dei som ikkje var så tidleg ute. Men det kom likevel godt med at det var sett ut benkar utanfor kyrkja.

Å arrangere ei slik gudsteneste med plass til både alvor og skjemt, må vere svært så hyggeleg. Ikkje minst set songen og musikken eit solid preg på samlinga.  Siri Mari Aasland og mannskoret  «Frelste syndere» – sjølvsagt med dame som pianospelar –  utfylte kvarandre godt. Koret som vågar å ha ordet «syndere» i namnet, la ikkje skjul på i den friske songen, at namnet får fram det dei vil formidle, nemleg at Jesus tilgjev syndene, for alle.

Også organist Reidar Skaaland og Espen Egeland på trombone sette sitt markante preg på gudstenesta.  Då postludiet lydde, var det fleire som ønska å høyre endå meir oppløftande musikk.

Men også prest og veteranbileigar Anders Mathias Larsen har eit godt tak på gudstenesta.

Når preiketeksta var frå Lukas kapittel fem om disiplane som fekk så mykje fisk på Jesu ordre, så hadde Larsen sjølv fiskehistorier å fortelje. Så vel som andre hendingar frå kvardagslivet for å illustrere bibelteksta.  Og tekstas viktige bodskap var at disiplane skulle ikkje fange fisk lenger, men fange menneske, det vil seie forkynne frelsesbodskapen om Jesus slik det også blei gjort i Åseral kyrkje denne sundagen.

Men fleire enn dei her nemnde var med og gjorde veteranbilgudstenesta til ei høgtidsstund. Ikkje minst dei som laga velsmakande kaker. Utan tvil  var det ingen andre gudstenester her i landet denne sundagen som kunne varte opp med så masse kaker ute i det fri.

I gamle dagar hadde gudstenesta ein viktig funksjon som formidlar av nyheiter. Det skjedde ikkje minst på kyrkjebakken etter gudstenesta. Også denne sundagen gjekk praten livleg for seg om skinande, fine bilar av alle fasongar og fargar. Å – om bilane kunne ha tala!

Om det blei noko kjøp og sal slik det hende i gamla dagar, veit eg ikkje.  Men ei slik mønstring av hestekrefter, ikkje minst amerikanske frå prærien, det høver godt i bygda Åseral der mange emigrerte, og ein god del kom att med dollar og dollarglis  som lyste lang veg.

Ei av tekstene som blei lesen i kyrkja, var om Abraham som Gud kalla til å dra frå Ur i Kaldea til landet som blei heitande Israel. Han hadde nok smilt i skjegget hadde han skjøna at 16. juli 2017, nær fire tusen år seinare, skulle folk sitje i Åseral og høyre historia om han. Men den høver jo godt, for Abraham er sanneleg ein veteran. Også dei kamelane han rei på.  Dei kan så menn samanliknast med dagens veteranbilar, i kvalitet og alder, anten det er i ørkensand for kamelane eller på asfalt opp gjennom dalen for bilane.

Eg trur Abraham sette seg langt ute på himmelkanten denne sundagen for å følgje med, sjå på folk og bilar.

Torbjørn Greipsland vil nok dra på veteranbilgudsteneste i sommar også om det blir mogleg når alle er vaksinerte  og koronaen slepper taket.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *