Slekt og misjon

Share

I dag fekk eg ein telefon: Er de heime? Det var vi jo, og Solvor og Gaute Rasmussen frå Varhaug var i Grimstad på veg vestover, så det høvde jo godt å stikke innom.

Snar sat dei i stova og fortalde om ein sykkeltur dei hadde hatt langs kysten frå Lillesand til Risør, dei hadde hoppa inn i eit ferdig opplegg då eit par venner måtte melde forfall. Nokre mil på sykkel kvar dag, så ein busstur tilbake for å hente bilane, det stod mennene for, og så middag og overnatting på hotell  der dei stoppa. Det hadde vore mange opplevingar. Innimellom snakka vi litt om slekt, det var både mi slekt og Gaute si slekt, og då er det godt å ha utskrifta av slektsdatabasen Helge har laga.

Då vi hadde snakka samen ei stund, kom eg på å ringe til Torbjørn Greipsland. Solvor og Gaute var misjonærar i Bangladesh for Santalmisjonen, Torbjørn var redaktør for Santalen, og Solvor hadde skrive mange misjonærbrev for å fortelje lesarane av bladet om arbeidet. Han hadde sjanse til å kome innom og snart gjekk praten over frå slekt til misjon.

Nokre morosame opplevingar kunne vi også få del i. Gaute skulle få biblar på Khasispråket frå Indi der dei var trykte og ned til der dei budde. Til å begynne med vart dei sende med posten, men då kunne det ta lang tid før dei kom fram, ofte år. Ein gong kom pakken fram og då han opna synte det seg at bøkene hadde hatt besøk av termittar som hadde ete seg frå Genesis til Apokalypsen. Sidan gjekk han over til å nytte seg av khasifolk som smugla biblane gjennom skogen. Betalinga vart ordna frå Oslo, for den gongen kunne ein ikkje sende pengar som nå.

Den hendinga minna Torbjørn Greisland om presten Torp i Fjære som etter å funne nokre musespiste biblar der meinte at det var godt at det var nokon som sette pris på Guds ord.

Og då var det nært å få eit sitat frå ryfylkebispen Sven Foldøen som samla inn pengar til å starte Tryggheim folkehøgskule og som kom til misjonsvennene og spurde: Kor mange hundre kroner vil du gje? Her var det ikkje snakk om småpengar, nei, kanskje likt det vi kan lese om i avisa Vårt Land at situasjonen er for medlemmene i Brunstad Kristne Senter. Men det snakka vi ikkje om.

Kan være et bilde av Solvor Rasmussen og innendørs

Solvor viser oss bilde frå turen.

Og Gaute har mykje å fortelje om

Kan være et bilde av 1 person, sitter og innendørs

Utsettng

Share

Kveldens  sending i Valle Radio måtte utsetjast til neste veke. Etter det eg fekk vite, var det møte i Bykle kommunestyre. Sjølv om tysdagssendinga skal prioriterast, blir det jo ikkje sending når Bykle Radio, som Valle Radio sender programma gjennom, sender kommunestyremøte. Valle Radio kunne jo bare streama sendinga, men då når ein ikkje lyttarane på FM.

Dermed fekk eg god tid til å sjå fotballkamp i staden for å høyre på Valle Radio. I pausen mellom kampane hadde vi kaffe på terrassen, og då tok eg bildet Blomstrende Sørland, som eg la ut på Facebook.

Opprinneleg var dette ei bok som kom ut i 1994 der Dagfinn Tveito i Hageselskapet presenterte hagar rundt om i Agder. Boka vart omtalt slik:

Boka har sin tittel fra et fellestiltak der samtlige kommuner i begge Agder-fylkene deltok, med lokallagene i Det norske hageselskap som ideskapere og samarbeidspartnere. Målet var at både blomster, nærings- og friluftsliv, og alle fritidsgoder skulle blomstre som aldri før. Boka er en kombinasjon av prosa, lyrikk, natur- og hageinformasjon, og gis ut i samarbeid med styringsgruppen for dette tiltaket. Illustrert.

Kan være et bilde av 1 person og blomst

Reiseradioen

Share

Når sommaren kjem, kjem også Reiseradioen på NRK. Nitimen går i sommarmodus og den blir kalla Reiseradioen. I morgon kjem programmet til Valle Radio når Siri Johannessen snakkar med Webjørn S. Espeland. Wikipedia har artikkel om han, der står det

Webjørn Svendsen Espeland (født 31. mai 1979 i Bø i Telemark) er en norsk journalist, radiostemme, forfatter og dokumentarskaper. Han er kjent som blant annet programleder for ReiseradioenLørdagsbarnetimen og Sånn er livet. Han har også vært reporter for NRK i Beirut og Berlin, samt skøytekommentator for NRK TV.

Espeland debuterte i radiosammenheng med underholdningsprogrammet Gladlaksen på Radio Midt-Telemark i 1991, etter å ha blitt lokal kjendis ved å vinne spørreprogrammet 5PÅ! i Telemark. To år senere hadde han stor suksess med spørreprogrammet Erru stam hell?, hvor bønder ble utfordra i kunnskapsquiz.

I 2006 fant Espeland bevis for at trondheimsfiskeren Hans Peter Wiggen var ansiktet bak reklame-ikonet Tiedemanns fisker. Han har produsert en rekke dokumentarer for web, radio og tv for NRK, samt tv-serien Utkant og flere radiokonsepter rundt juss og forbrukerrettigheter.

Før dette har ho hatt ein prat med Gunnar D. Ose. Han er leiar i Setesdal spelemannslag og vil fortelje om planane laget har for årets kappleik, Setesdalsfestivalen og med Ella Uleberg frå Bykle og Valle kunstlag.

Kveldens postludium er utvida med eit kvarter og er til minne om komponisten Thore Haukner.

Tirsdag 29. juni

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret::Programinformasjon og kåseri av Asbjørn Kvalbein frå Norea

18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Arvid Hunemo

18.30 Folkemusikktime med Gunnar D. Ose
19.30 Folk og musikk med m.a. Ella Uleberg frå Bykle og Valle kunstlag og Webjørn S. Espeland frå Reiseradioen i NRK
20.15 Postludium til minne om Thore Haukner med Kjetil Bergheim
21.00 Kyrkjebakken

Rådyr

Share

Etter at naboen Christian Ihme har jakta rådyr i området rundt oss, har det heldigvis blitt færre av dei. For det var ei plage å ha dei i hagen, dei åt knoppar av tulipanar og kva anna godt dei kunne finne.

Når dei er langt borte, og ein må ha kikkert for å sjå dei på jordet, er det jo idyllisk, men hagerådyr er både vi og folk på Vestnes i Mandal lite glade i, Det er mange rådyr i Furulunden ved Sjøsanden, men dei bør halde seg der og ikkje invadere hagane.

Når det gjeld skriving på Setesdalswiki, har det vore lite produksjon der i det siste. Heldigvis er det andre som har skrive litt, og ein ny brukar har registrert seg. Men det er mange som har registrert seg for å kunne skrive, og så blir det ikkje noko. Setesdalswiki vil at folk skal registrere seg, i motsetnad til Wikipedia, som også tek imot bidrag frå uregistrerte skribentar.

Artikkel om ein elg på Eskeland er jo ikkje noko å skrive om på Setesdalswiki. Men på bloggen, der kan eg skrive om både dete eine og det andre som eg tenkjer på.

Når Christian hadde skote rådyr, kom han gjerne innom med litt kjøt, og rådyrsteik er jo godt, så vi hadde nokre fine middagar. Men i hagen er dei eni pest og ei plage. Ein kveld var det eitt som rauta like bak huset vårt. Om det var dette, veit eg ikkje, Helge knipsa det i skumringa.

Kan være et bilde av rådyr, natur og gress

 

Andorsengården

Share

Andorsengården er ein særmerkt bygning i Mandal. Den var ferdig i 1806, bygd på same måte som Mandal kirke frå 1822, det som vert kalla utmurt bindingsverk.

Då bygningen vart reist, var det høgkonjunktur i Mandal. Då nedgangstidene kom, vart bygningen, som det hadde kosta 44000 speciedalar å bygge, seld for 1500 speciedalar i 1822. Bygningen fekk då namn etter kjøparen, Gulow Andorsen. Barnebarna hans, døtrene til skipsreder Christian Salvesen,  Maria og Magda Salvesen overtok eigedomen i 1909, men gav den til Mandal kommune i 1954.

Eigedomen har 20 rom, nokre er store salar, der det kunne vere store sosiale samkomer for sosieteten i Mandal. Inntil biblioteket vart flytta til Buen kulturhus 6. februar 2012, hadde det vore i Andorsengården sin første etasje sidan 1956. No er det Mandal bymuseum som nyttar Andorsengården, dei har mellom anna ei kunstsamling med verk av Adolph TidemandOlaf IsaachsenAmaldus Nielsen og Gustav Vigeland.

Utenfor Andorsengården, i hagen ned mot Mandalselva, står ein statue av Egil Skallagrimsson laga av Gustav Vigeland. Den kan ein skimte i venstre billedkant. Bildet er teke frå elvesida.

Kan være et bilde av utendørs og tre

 

 

Gjenbruk

Share

Når ein bur i eit hus fullt av møbler og anna arvegods frå folk som har etterlate seg mangt og mykje, treng ein ikkje fylle opp med meir. Men eg slit med å gå forbi ein gjenbruksbutikk, i alle fall om det er bøker der.

På Vigeland er det ein slik butikk som har til gjenbruksfilosofi at dei skal støtte leirstaden Audnatun ikkje langt frå Vigeland. Der hadde mor og far mange fine dagar på leir i regi av søndagsskolen, trur eg det var, akkurat som dei hadde på Omlid i Sirdal, der søndagsskolen har sin eigen leirstad.

Men eg svinga innom der av og til og plukka med meg ein pose med bøker til 50 kroner. Då eg denne veka var ein tur i Mandal, var lysten stor til å gå innom gjenbruksbutikken i Bryggegata. Der går inntektene til det arbeidet kyrkja driv, så om eg hadde gjort det, hadde eg støtta ein god sak. Men eg klarte å styre mine lyster denne gongen også. Det vart ingen tur innom denne gongen heller, bokhyllene mine bugnar og posar med bøker fyller krikar og krokar. Det vart eit bilde og lange blikk, men eg hadde parkert på god avstand for ikkje å risikere at freistinga skulle ta overhand.

Kan være et bilde av utendørs

Soldagar

Share

Ikke alle dager er like, heiter det i ein gammal sang. Men vi har hatt mange soldagar til  no i sommar, og i dag var også ein slik dag. Men eg skreiv ein liten artikkel i føremiddag om TEAM, den amerikanske misjonsorganisasjonen som har misjonærar i over 40 land og som spring ut frå misjonsengasjementet som nordmenn og skandinavar i USA hadde.

I ei liste i boka Helt til jordens ende fann eg namnet Olaf Dubland, han var frå Varhaug, og då måtte eg ta ein telefon til Brit Obrestad, søskenbarnet mitt for å høyre kva ho visste. Ho fann hann i Hå-boka, der det stod at han var utvandra til Amerika, og ho fann også ut at han var søskenbarn med Odd Dubland, som eg er ven med på Facebook. Ho meinte at eg burde ta ein telefon til Odd og få vite meir, men det utsette eg til seinare.

I staden fann eg meg noko lesestoff som eg bladde i utover dagen. Helge tok ein runde med grasklypping då han var ferdig med sine gjeremål, og så hadde vi ein nydeleg laksemiddag med laks til 40% rabatt frå handleturen min på Tilbudssenteret i går. Eg kan jo ikkje ta bilde av alt eg et, så du får ikkje sjå laksen, men bildet av butikken kan eg jo vise.

Då eg var der i går, tok ei av dei som jobbar der bilde av frukthylla, kan hende ho la det ut på butikken si Facebookside, kva veit eg, den har eg ikkje vore inne på.

Og solen går sin gang, var svar på eit spørsmål i kveldens quiz. Kven skreiv den boka, tru.

Kan være et bilde av utendørs

 

 

Mimring

Share

Å tenke på gamle dagar blir ofte kalla mimiring. Av og til er det hyggeleg å mimre litt, ikkje minst om ein er saman med folk ein har opplevd noko saman med i gamle dagar.

Ei slik stund fekk vi i ettermiddag då Aud og Arne Wilhelm Haugland stakk innom. Dei likar å ta på tur når veret er lagleg, og det var det jo så visst i dag, med sol frå skyfri himmel og nesten ikkje vinddrag i lufta.

Vi hadde vore i Mandal ein tur, Reidun skulle til tannlegen og eg var sjåfør. Men det var varmt, best var det i grunnen i bilden sin aircondition-luft. Likevel var eg innom Tilbudsenteret og hanla litt, mellom anna ei flaske Pepsi Max, kald og god. Men heilt uråd å få av korken, så der vart eg lurt, heime hadde eg ei tang eg kunne bruke, men i bilen var det ikkje noko.

Det vart ei hyggeleg stund på terrassen. Mange minne frå tida i Den indre Sjømannsmisjon, der Aud var husmor på Elieser 4, Arne Wilhelm var velferdssekretær i arbeid for fiskarar ut frå ulike fiskarheimar. Sjølv var eg jo redaktør av Fiskerens Venn i den tida, det er 50 år sidan no, så det kvalifiserer til mimring. Arne Wilhelm var seinare ansvarleg for drift av butikken på Justøy bibelcamp, så tankane gjekk til tida der også.

Mange av dei vi møtte har hatt sin siste seilas og har latt ankret falle, jeg er i havn, i ly fra brenningens vover, som det heiter i Indre sjø sin faste salme. Gode minne å sjå tilbake på, nokre ikkje fullt så gode var det vel også, men dei har bleikna med tida.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

 

Orgelspeilet

Share

I dag kom Orgelspeilet nr. 2, 2021 i postkassa. Det er eit fagtidsskrift om orgel og orgelbygging og eg har halde det i ganske mange år sjølv om eg ikkje er organist eller orgelbyggjar.

Dette nummeret hadde fleire interesante artiklar, mellom anna om Tournemire og Widors memoarer, Walcker-orgelet i Gamle Fiskum kirke, om den eksentriske orgelbyggjaren Robert Nope-Jones og orgelet hans.

Der var det også omtale av eit nytt hefte med komposisjonar av Bernard Emmelkamp, han fekk høveleg positiv omtale for dei tre verka som er med i den utgjevinga.

Av og til har eg tenkt at Orgelspeilet kunne oversikt over artiklane på Setesdalswiki, då hadde dei vore søkbare. No ligg det siste som bilde på heimesida www.orgelselskapet.no, der framsida og baksida av nr. 1, 2021 låg ute i kveld.

NRK Rogaland

Share

I dag var eg med i lokalsendinga til NRK Rogaland. Dei ville høyre litt om Wikipedia, og eg står som pressekontakt, så dei ringte meg for ei veke sidan og ville ha meg med. Eg svarte jo ja på det.

Men i dag hadde eg gløymt alt saman, så eg la meg for ein middagskvil, sette telefonen på lydlaus og sovna. Då eg vakna var klokka 1540 og eg såg at eg hadde hatt fleire anrop, og då kom eg på heile greia.

Eg ringte tilbake og fekk gå rett på lufta. Eg trur ikkje nokon merka at det hadde vore kaos før eg kom på lufta, og snart snakka vi om kven som skriv på Wikipedia, korleis ein kan kontrollere at det som står der er rett, om vandalisme og kamp mot vandalisme.

Dei fleste som vert intervjua på radio synest at det går fort. Det gjorde eg også. Plutseleg var tida ute og eg hadde bare fått seie litt av alt eg hadde på hjarta.

Etterpå fann vi intervjuet på nettet og høyrde på det. Det var heilt greitt, og søster Solvor på Varhaug var snart på tråden for å seie at ho plutseleg hadde høyrt storebror sin på Lokalen, som dei seier i Rogaland.

Her er lenka til innslaget:

https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-rogaland/DKRO02011521