Ingenting

Share

I dag skulle Reidun til tannlegen, og ettersom ho framleis har forbud mot å kjøre sjøl, fekk eg oppgåva. Eg ville kombinere det med ein tur til frisøren, og det besøket var vellukka, så no er sommarsveisen på plass.

Så var det å vente på Reidun, og det tenkte eg at eg kunne gjere nedanfor Andorsengården. Der er det ein parkeringsplass ved sida av Bryggegata, så eg kjørte dit. På vegen såg eg at Reidun var ferdig, ho kom gåande utover. Før ho kom, ville eg ta eit bilde av Andorsengården frå sjøsida, hagen der var i strålande prakt, så det kunne høve godt å dokumentere at eg hadde vore i Mandal med å leggje eit slikt bilde ut på Facebook. Så eg klikka to-tre gonger for å få det fine motivet.

Men ho hadde ikkje sett meg, ho var på veg til apoteket, viste det seg, for tannlegen hadde gjeve henne noko å handle der. Då ho ikkje såg meg, kjørte eg opp i gata utanfor Frelsesarmelokalet, og så ringte eg til henne og sa kor eg var.

Deretter vart det ein tur på Tilbudsenteret for å handle før turen gjekk heimover att.

Vel heime att, skulle eg så legge bildet ut på Facebook. Men ingenting hadde blitt festa til minnebrikka. Ingenting. Det var mest så eg kunne tatt ein tur inn til byen att. Men eg droppa det.

Så i kveld blir det bare tekst på bloggen. Ingenting anna.