Takk til Linda

Share

Linda Rabbe Haugen fortalde i dag tidleg at bier kan fly 3 km når dei er ute for å sanke nektar. Svaret hennar kom etter at eg på bloggen i går skreiv at eg ikkje visste det.

Ho ville også kome innom med eit glas sommarhonning når ho hadde fått slynga i sommar, og det gleder eg meg til å få. No har eg snart kome til botnen i spannet eg har med honning frå Løvjomås bigård som Reidun kjøpte på Torvet i Mandal ein gong før jul.

Dagane no har gått med til å skrive om korleis Den norske kyrkja i USA sendte misjonærar til Madagaskar. Det er ein artikkel av Sigmund Edland som eg har fått legge ut på Setesdalswiki, den er ganske lang, og eg har prøvd å finne bilder og lage lenker for å utnytte wikisystemet. I samband med det har eg også skrive eit par artiklar, og eg er særleg takksam til Siri Johannessen som har hjelpt meg i det arbeidet. Hennar artikkel om Erik Hansen Tou er det bryet verd å lese.

Misjon er litt som eit tre som veks. Frå eit lite frø veks det arbeidet så det femner vidt. Sjå til dømes på bildet under, bare små frø gav eit svært vakkert resultat.

Kan være et bilde av blomst, tre og natur