Regntung

Share

Jorda hadde godt av regnet,  vi toføtte likar nok best sol og sommar. Men når regnet silar, får ein vere inne og skrive litt på Setesdalswiki, og eg har pusla litt med det i dag.

Som førebuing til at eg skal skrive ein artikkel om Harald Stene Dehlin fekk eg Margunn til å finne noko stoff om han. Det dukka opp i matpausen hennar og gav meg eit gjensyn med ein journalist og ein gentleman. Eg kjende han bare som det, men det synte seg at han hadde vore kretssekretær i Indremisjonen i Kristiansand og endåtil hadde budd i Mandal ein periode.

Eg måtte også bla i nokre av dei bøkene eg har av han, og dei ga meg gode leseminne. Truleg kjem artikkelen på Setesdalswiki i morgon, for i kveldinga i kveld vart det til at vi skreiv inn dei to nummera av Setesdølen som kom denne veka.

Og så måtte vi slette ein artikkel, det skjer ikkje så ofte. Som oftast set folk pris på at vi skriv, men om nokon ikkje vil ha artikkel – dei aller fleste kjem fordi noko er omtalt i Setesdølen – så rettar vi oss etter det. Setesdalswiki skal vere berikande for dei som les det vi skriv.