Lesedag

Share

Det var ikkje regn, sola skein fint over Eskeland denne sundagen. Men etter å ha sett gudstenesta på svensk TV2 klokka 10, vart det helst ein lesedag for meg.

Framleis held eg på med stoff rundt artikkelen Setesdalswiki har fått av Sigmund Edland, det er mykje stoff å sette seg inn i. Ein lærer så lenge les, og eg har lese artikkelen som Siri Johannessen skreiv i går om Erik Hansen Tou, den var vel verd å lese. Torbjørn Greipsland har også skrive om han i boka Helt til jordens ende.

Og så har eg lese om misjonren Erik Peder Nilsen Lund både i Norsk Misjonsleksikon og på Internett Truleg har eg meir stoff om han, og det får eg sjå om eg finn etter kvart. Men skriving blei det ikkje så mykje av i dag.

Tidleg i dag oppdaterte Knut Eldhuset artikkelen om Birgit Eldhuset. Ho døydde fredag på Byglandsheimen, 98 år gammal. Birgit var fødd Åkre og vart gift med Hallvard Eldhuset, læraren frå Åraskbø som døydde alt i 1969, 62 år gammal.

Etter at vi hadde hatt oss kaffe på terrassen i føremiddag, ville eg ta eit bilete av dei flotte blomane som etter kvart har kome der. Men sola var så sterk at eg såg ingenting, så eg tenkte at eg fekk ta det seinare. Men det gløymde eg, så det blir ikkje noko bilde til bloggen i kveld.