Gullregn

Share

I dag var det min tur til å ha time på sjukehuset. Denne gongen skulle vi til Kristiansand, eg hadde innkalling til kontroll på lungemedisinsk poliklinikk. Det var parkeringsplass på taket, så det var kort veg til blodprøvetakinga, for den skjer i eit brakkebygg like ved parkeringshuset.

Medan eg sat og venta, kom ein valldøl inn, han slapp inn med det same og var raskt ute att. Eg var mest litt snurt då bioingeniøren bare ville ha to små kapillærrøyr med blod denne gongen. Så gjekk turen vidare gjennom dei lange gangane til eg kom til luke 7 og fekk registrere meg,

Der gjekk det til gjengjeld fort, og så var det over til Lungemedisinsk poliklinikk, heller ikkje der sat eg så lenge før eg fekk kome inn til ei vendleg og dyktig sjukepleiar som skulle ta pusteprøve og få meg til å blse alt eg kunne inn i ein maskin som laga eit diagram av prøven.

Så gjekk turen til Lungemedisinsk dagsenter, no måtte eg ha guide, for irrgangane inne på sjukehuset er ikkje så lette å finne fram i, sjølv om eg hadde vore der før, men då kome inn frå ein annan kant.

Dei vurderte at eg burde få ein ny maskin, den gamle var blitt ganske gammal no, så ho gjekk for å finne ein ny. Då nytta eg høvet til å ta bildet av gullregnen som sto i atriet mellom fløyane på sjukehuset. Rart å tenke på at både Arendal og Kristiansand har giftige tre i hagane sine.

Då ho kom tilbake med den nye maskinen, fekk eg ei kort innføring i korleis den virka. Så tilbaud ho at ho kunne kjøre meg i rullestol ut til bilen, ho hadde nok fått med meg at eg var ganske sveitt då eg kom inn.

For første gong i livet etter det eg veit, vart eg så transportert i rullestol ut nesten heilt opp på taket der bilen var parkert. For ein service!

Vel heime kunne eg så få meg litt mat, få ein forseinka middagskvil og så høyre på Valle radio. Eit gullprogram, det også.

Kan være et bilde av tre