Mangt og mykje

Share

Når Torbjørn Greipsland er på besøk, går samtalen om mangt og mykje. Han bur i Askim, men kvar sommar kjem han til sin barndoms by Mandal og buset seg på Kanten. Der har han ei campingvogn ståande heile året, og når veret er som det har vore denne sommaren, kan han nyte frukost i det fri med utsikt til Mandalswlva.

Torbjørn vaks opp på Greipsland og gjekk på gymnaset i Mandal. Sjølv om han er noko eldre enn Reidun og sokna til Holum, har dei mange felles kjende som eg ikkje kjenner, så av og til går praten langt over øyrene mine.

Men han har hatt mange stillingar innan kristelege organisasjonar, og der er eg meir på heimebane. Ein dag før han kom hit, hadde han vore på Evje og møtte Erik Kjebekk og nokre andre kjenningar.

Vi snakka mellom anna om bøker. Han har skrive 18 bøker, og boka Helt til jordens ende har eg hatt nytte av i samband med skriving om misjonærar. Torbjørn har også gitt meg fleire artiklar som er blitt publisert på Setesdalswiki. I samtalen om bøker kom han til å nemne at han hadde snakka med ein mann i nabolaget som hadde 60.000 bøker, det trudde han knapt kunne vere muleg, det er jo som eit stort bibliotek.

Då måtte eg ringe til Margunn og spørje kor mange bøker dei hadde på Bamble bibliotek og litteraturhus, der ho er leiar. Ho sjekka og fann ut at dei hadde litt over 49.000 bøker. Vi prøvde å tenke gjennom kor mange bøker eg har, men eg har aldri talt opp, så det er ikkje så lett å seie. Vi var likevel enige om at det er vanskeleg å kaste bøker. Han har gitt bort mange, også det synest eg er vanskeleg.

Slik gjekk praten utetter dagen. Sola skein og vi sette oss ut på verandaen medan Reidun laga middag. Så vart det laksefredag og ispinne til dessert, Helge meiner at når det er fisk til middag, skal vi ha dessert, og det er blitt slik hos oss etter at han har vore heime halvanna år på koronaheimekontor. I morgon kjem han tilbake etter ei lita veke i Oslo.

Praten gjekk, av og til måtte mobilen sjekkast, og så gjekk samtalen vidare.

Kan være et bilde av 1 person, sitter og innendørs