Setesdal og setesdølar 2021

Share

I går fekk eg årets utgåve av Setesdal sogelag sitt tidsskrift. Der var det mykje interessant å lese, så det blei så som så med skrivinga i dag.

Litt måtte eg jo også få med meg av NM på sykkel, men det var tungt regn og slett ikkje noko glede å sjå på korleis dei sykla forsiktig der vatnet rann i strie straumar i Vennesla både i og utanfor Otra. Det var jo eit høveleg namn på dagens vinnar, Tobias Foss vann i fossregnet.

Men eg las om Thor Lande, og der er det nok stoff til ein artikkel på Setesdalswiki, truleg er det fleire artiklar eg kan nytte som kjelder for mine meir leksikalske oppslag.

Denne gongen starta lesinga bakanfrå. Artikkelen om Thor Lande av Erik Kjebekk var interessant, og det same var Margit Løyland sin om Jon Løyland. Bjarne Nordgarden sin artikkel om Åraksbø meieri trekte fram eit tema som ikkje eg kjente til i det heile.

Kristian F. Olsen sin artikkel om faksane og Hallvard T. Bjørgum sin artikkel om rammeslåttane var tema eg hadde vore borti, men her fekk vi grundig og interessant utdjuping av tema.

Olav M. Holen sin artikkel Johans ladde og Gunnar skaut om pinsepredikantane Johannes Bakken, han som skreiv Langt inn på ville heii og Gunnar Lofthus syner saman med fleire av dei andre artiklane noko av kor djupe røter kristentru og kristenliv har i Setesdal.

Bladet har noko for den som likar å få litt grundigare stoff enn det som flyg forbi. Takk til dei som har gjort jobben med å lage bladet.