Soldagar

Share

Ikke alle dager er like, heiter det i ein gammal sang. Men vi har hatt mange soldagar til  no i sommar, og i dag var også ein slik dag. Men eg skreiv ein liten artikkel i føremiddag om TEAM, den amerikanske misjonsorganisasjonen som har misjonærar i over 40 land og som spring ut frå misjonsengasjementet som nordmenn og skandinavar i USA hadde.

I ei liste i boka Helt til jordens ende fann eg namnet Olaf Dubland, han var frå Varhaug, og då måtte eg ta ein telefon til Brit Obrestad, søskenbarnet mitt for å høyre kva ho visste. Ho fann hann i Hå-boka, der det stod at han var utvandra til Amerika, og ho fann også ut at han var søskenbarn med Odd Dubland, som eg er ven med på Facebook. Ho meinte at eg burde ta ein telefon til Odd og få vite meir, men det utsette eg til seinare.

I staden fann eg meg noko lesestoff som eg bladde i utover dagen. Helge tok ein runde med grasklypping då han var ferdig med sine gjeremål, og så hadde vi ein nydeleg laksemiddag med laks til 40% rabatt frå handleturen min på Tilbudssenteret i går. Eg kan jo ikkje ta bilde av alt eg et, så du får ikkje sjå laksen, men bildet av butikken kan eg jo vise.

Då eg var der i går, tok ei av dei som jobbar der bilde av frukthylla, kan hende ho la det ut på butikken si Facebookside, kva veit eg, den har eg ikkje vore inne på.

Og solen går sin gang, var svar på eit spørsmål i kveldens quiz. Kven skreiv den boka, tru.

Kan være et bilde av utendørs