Slekt og misjon

Share

I dag fekk eg ein telefon: Er de heime? Det var vi jo, og Solvor og Gaute Rasmussen frå Varhaug var i Grimstad på veg vestover, så det høvde jo godt å stikke innom.

Snar sat dei i stova og fortalde om ein sykkeltur dei hadde hatt langs kysten frå Lillesand til Risør, dei hadde hoppa inn i eit ferdig opplegg då eit par venner måtte melde forfall. Nokre mil på sykkel kvar dag, så ein busstur tilbake for å hente bilane, det stod mennene for, og så middag og overnatting på hotell  der dei stoppa. Det hadde vore mange opplevingar. Innimellom snakka vi litt om slekt, det var både mi slekt og Gaute si slekt, og då er det godt å ha utskrifta av slektsdatabasen Helge har laga.

Då vi hadde snakka samen ei stund, kom eg på å ringe til Torbjørn Greipsland. Solvor og Gaute var misjonærar i Bangladesh for Santalmisjonen, Torbjørn var redaktør for Santalen, og Solvor hadde skrive mange misjonærbrev for å fortelje lesarane av bladet om arbeidet. Han hadde sjanse til å kome innom og snart gjekk praten over frå slekt til misjon.

Nokre morosame opplevingar kunne vi også få del i. Gaute skulle få biblar på Khasispråket frå Indi der dei var trykte og ned til der dei budde. Til å begynne med vart dei sende med posten, men då kunne det ta lang tid før dei kom fram, ofte år. Ein gong kom pakken fram og då han opna synte det seg at bøkene hadde hatt besøk av termittar som hadde ete seg frå Genesis til Apokalypsen. Sidan gjekk han over til å nytte seg av khasifolk som smugla biblane gjennom skogen. Betalinga vart ordna frå Oslo, for den gongen kunne ein ikkje sende pengar som nå.

Den hendinga minna Torbjørn Greisland om presten Torp i Fjære som etter å funne nokre musespiste biblar der meinte at det var godt at det var nokon som sette pris på Guds ord.

Og då var det nært å få eit sitat frå ryfylkebispen Sven Foldøen som samla inn pengar til å starte Tryggheim folkehøgskule og som kom til misjonsvennene og spurde: Kor mange hundre kroner vil du gje? Her var det ikkje snakk om småpengar, nei, kanskje likt det vi kan lese om i avisa Vårt Land at situasjonen er for medlemmene i Brunstad Kristne Senter. Men det snakka vi ikkje om.

Kan være et bilde av Solvor Rasmussen og innendørs

Solvor viser oss bilde frå turen.

Og Gaute har mykje å fortelje om

Kan være et bilde av 1 person, sitter og innendørs