Ein misjonær frå Evje

Share

I dag var eg på leiting i Norsk misjonsleksikon og medan eg bladde i boka, fall augo på ein artikkel om Aslaug Bjoraa, Kamerunmisjonær frå Evje. Det var jo naturleg å skrive om henne, men då leksikonet kom ut, var ho lys levande og i full verksemd.

Men ho var fødd i 1920, så ho ville vore over 100 år om ho levde no, så eg gjorde eit søk etter henne og fann dødsdato. Så tenkte eg at eg ville finne eit bilde, og då gjekk eg til Misjonsarkivet til NMS for å leite der. Men eg fann ikkje noko, så truleg må eg vente til i morgon og så sende eit spørsmål til arkivet.

Men der fann eg i staden ein artikkel av Sigmund Edland. Han har artikkel på Setesdalswiki fordi han er medforfattar av boka Helt til jordens ende. Han er frå Ålgård og vi var kameratar i ungdommen. No bur han i Kvinesdal, så eg tok ein telefon til han. Det er lenge mellom kvar gong vi har kontakt, men han og kona besøkte oss då vi budde på Nomeland, men det er jo blitt nokre år sidan no.

Sigmund såg ingen hindringar for at eg kunne ha artikkelen på Setesdalswiki, så då var det bare å setje i gang med å tilpasse den. Det har eg halde på med litt i dag, men egmå nok ta slutten i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *