Gamle hus

Share

Ein kunne lage mange radioprogram i Valle Radio om gamle hus i Setesdal. I kveld hadde Siri Johannessen ein samtale med Anders Dalseg på Setesdalsmuseet om temaet.

Setesdalsmuseet har eit bygningsvernsenter og ein stor laftehall for å kunne restaurere lafta bygningar. Då tek dei bygningane ned, flytter dei til hallen og reparerer det som må reparerast, og så blir dei sette opp att på tunet der dei stod før.

For tida er mellom anna huset på Tveitetunet til restaurering, til vinteren skulle dei visst få gjort noko med det. I sommar held dei på med hus på Ånebjør. Det er lang reiseveg, dei må jo kjøre rundt om Åseral for å kome dit, så der overnattar dei. Men det er bilveg heilt fram, så det er slik sett lettare enn å restaurere ei bu på heia.

Anders Dalseg har endåtil vore med å restauerer stavkyrkje, det er jo tale om endre teknikkar, men han var ikkje involvert i planane om å bygge stavkyrkje på Rysstad. Kor langt dei planane er komne, var difor ikkje noko tema i samtalen, som var interessant og lærerik. Dei gamle årestogene hadde bare lys frå ljoren, så det var tidleg mørkt. Men på 1500-talet begynte det å kome små vindu i veggene, først med griseblære, sidan med glass, så frå då av gjekk det mot lysare tider. Enno har dei visst ikkje klart å finne ut korleis dei kunne preparere griseblæra slik at ho slapp inn lys.

Siri er jo også arkitekt av utdanning, så Gamle hus var eit tema dei nok kunne ha snakka lenge om.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *