Gjenbruk

Share

Når ein bur i eit hus fullt av møbler og anna arvegods frå folk som har etterlate seg mangt og mykje, treng ein ikkje fylle opp med meir. Men eg slit med å gå forbi ein gjenbruksbutikk, i alle fall om det er bøker der.

På Vigeland er det ein slik butikk som har til gjenbruksfilosofi at dei skal støtte leirstaden Audnatun ikkje langt frå Vigeland. Der hadde mor og far mange fine dagar på leir i regi av søndagsskolen, trur eg det var, akkurat som dei hadde på Omlid i Sirdal, der søndagsskolen har sin eigen leirstad.

Men eg svinga innom der av og til og plukka med meg ein pose med bøker til 50 kroner. Då eg denne veka var ein tur i Mandal, var lysten stor til å gå innom gjenbruksbutikken i Bryggegata. Der går inntektene til det arbeidet kyrkja driv, så om eg hadde gjort det, hadde eg støtta ein god sak. Men eg klarte å styre mine lyster denne gongen også. Det vart ingen tur innom denne gongen heller, bokhyllene mine bugnar og posar med bøker fyller krikar og krokar. Det vart eit bilde og lange blikk, men eg hadde parkert på god avstand for ikkje å risikere at freistinga skulle ta overhand.

Kan være et bilde av utendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *