Nokon sår, nokon haustar

Share

Kan være et bilde av mat og innendørs

Når ein er filosofisk, kan ein falle i tankar om det meste. Midt under kveldsmaten i kveld måtte eg ta dette bildet etter at eg hadde kutta av det siste av paprika for å ha på brødskiva mi.

Det som slo meg, var dei mange frøa som var inni. Dei kunne eg så og så ville det vekse opp nye plantar av desse små, kvite frøa. Det minner om det Jesus fortalde i likninga om sennepsfrøet, av eitt av dei minste frøa kan det bli ei plante så stor at fuglar kan bygge reir der.

No på våren ser vi det på så mange måtar, dei fuglane vi kalla svaler før, men som vel er tårnseglarar, leitar etter reirplass under taket vårt, men dere er det ikkje plass etter at vi la nytt tak, så dei må finne seg ein annan plass. Andre finn plass i fuglekassar eller i eit tre eller på marka, alt etter som dei ønskjer det. Nokre vel feil jorde og får reiret øydelagt av slåmaskinar også, dessverre.

Så rugar dei nokre veker i reiret, jaktar mat til borna og snart er dei på vengene på veg til Sør-Afrika, når det gjeld tårnseglarane. Eg lurer på om Kristine barnebarn er ein slik tårnseglar, ho reiste i alle fall til Sør-Afrika for å gå på gymnas no i vår.

Men no kom eg langt vekk frå paprikafrøa. Det Gud har skapt er så overdådig, så mangfaldig og så rikeleg at ein må undrast så mange gonger. Eg vil undre meg itt i kveld og.

Fader, du har skapt meg, livet mitt jeg gir deg, ta meg, bruk meg er ein sang både paprikaen og eg kunne synge.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *