Rådyr

Share

Etter at naboen Christian Ihme har jakta rådyr i området rundt oss, har det heldigvis blitt færre av dei. For det var ei plage å ha dei i hagen, dei åt knoppar av tulipanar og kva anna godt dei kunne finne.

Når dei er langt borte, og ein må ha kikkert for å sjå dei på jordet, er det jo idyllisk, men hagerådyr er både vi og folk på Vestnes i Mandal lite glade i, Det er mange rådyr i Furulunden ved Sjøsanden, men dei bør halde seg der og ikkje invadere hagane.

Når det gjeld skriving på Setesdalswiki, har det vore lite produksjon der i det siste. Heldigvis er det andre som har skrive litt, og ein ny brukar har registrert seg. Men det er mange som har registrert seg for å kunne skrive, og så blir det ikkje noko. Setesdalswiki vil at folk skal registrere seg, i motsetnad til Wikipedia, som også tek imot bidrag frå uregistrerte skribentar.

Artikkel om ein elg på Eskeland er jo ikkje noko å skrive om på Setesdalswiki. Men på bloggen, der kan eg skrive om både dete eine og det andre som eg tenkjer på.

Når Christian hadde skote rådyr, kom han gjerne innom med litt kjøt, og rådyrsteik er jo godt, så vi hadde nokre fine middagar. Men i hagen er dei eni pest og ei plage. Ein kveld var det eitt som rauta like bak huset vårt. Om det var dette, veit eg ikkje, Helge knipsa det i skumringa.

Kan være et bilde av rådyr, natur og gress

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *