Når sola går ned

Share

Når sola går ned i vest, arbeider den late best, heiter det i eit gamalt ordtak. Av og til kjenner eg det slik, ikkje bare når eg skriv bloggen, for den kal på ein måte oppsummere dagen, så den bør kome seint.

Men også når det gjeld skriving på setesdalswiki, er det motsett for meg og Geir. Han kan skrive frå halv seks til halv åtte, då ligg eg i mi gode seng og har ikkje tenkt å stå opp. Så kan eg få ein raptus ut på dagen og skrive litt, men som oftast går det mot kveld før eg finn på å skrive, også når eg gjennom dagen har samla litt stoff som eg tenkjer kunne høve til ein artikkel.

Så blir eg likevel sitjande og lese eller sjå på tv. Eg er ikkje god til multitasking, det vil seie å gjere fleire ting på same tid, så når eg ser på tv, kan eg ikkje skrive. Dermed blir det nokre dagar som eg ikkje skriv i det heile.

I går dukka det opp ei mappe med utklipp frå mange år tilbake. Eg trur at eg den gongen tenkte at noko av det stoffet kunne høve til ein novelle, så eg tok vare på det. Men novelle, det har eg knapt skrive nokon gong, eg held meg jo helst til det leksikale. så eg får no sjå kve eg kjem opp med i dagane som kjem.

I morgon er det 1. august, kanskje eg kan begynne på noko nytt då.

Takk

Share

I dag reiste dei som har gledd oss i ferien heim att. I år har dei hatt høve til bading og strandliv 20 dagar, i fjor var det bare ein, så slik sett var ferien svært vellukka. For oss å få vere saman med barnebarn litt er jo også ei glede.

Barna våre har jo busett seg noko langt borte. Men det gjorde jo vi også då vi var unge, då reiste vi først til Bergen og så til Stokmarknes, så besteforeldra hadde lang veg om dei ville sjå barnebarna og motsett.

Torbjørn Greipsland kom også innom. Han er på tur tilbake til Askim ein av dei næraste dagane, men han hadde med ein pose med aviser eg ikkje les så ofte, så no har eg litt lesestoff og vil lese Norge i Dag og Israel Today og fleire andre hefte og sjå kva dei skriv. Kan hende blir det artiklar på Setesdalswiki også.

Eg hadde gått for å ta ein kvil då det ringte på døra. Der stod nabo Christian med kjøt, frysa hans hadde gått i stykker, så han lurte på om vi vill ha det, elles måtte han kaste det. Då eg vakna, lukta det steikt kjøt i huset, så det blir nok rådyrmiddag i helga.

Her var det altså tre gode grunnar til å seie takk. Å øve seg på å finne noko å takke for, det kan vere ei god øving.

Gamle utklipp

Share

I dag dukka det opp ei samling med gamle utklipp, 25 år gamle, for å vere meir presis, dei eg såg på var frå august 1995.

Gjennom åra vart det mange kartongar med utklipp frå aviser. Når eg fann noko interessant, klipte eg det ut og la det i mapper. Dagen etter kom det meir interessant, så mappene var ganske full eetter kvart. Men korleis skulle ein ha nytte av det?

Det meste frå den samlinga som dukka opp i dag, gjekk i søpla, men noko overlevde. Eg måtte lese det, kan hende var det noko som kunne gi artiklar til Setesdalswiki, eller kanskje ein blogg.

Før dei gamle utklippa dukka opp, hadde eg hatt ein liten lur. Men eg vart vekt av telefonen. Det var ein som hadde sett mitt namn på Wikipedia, eg er oppført som ein som folk kan spørje om dei lurer på noko som gjeld wikipedia. Det vedkomande lurte på, var om ein kunne få skattefrådrag for gover til Muhammedanarmisjonen.

Det kunne eg ikkje svare på på ståande fot, så eg måtte undersøke, og hos Skatteetaten fann eg ei lang liste som med organisasjonar som ein kunne støtte og få skattefrådrag, men Muhammedanarmisjonen var ikkje der. Så eg snakka med han att og fortalde det, men det verka som om han likevel ville støtte organisasjonen, som no heiter Lys over Land.

Tilbake til dei gamle utklippa som dukka opp. Eit var med eit dikt av Paal Vollen. Hans særmerkte stil kjenner mange frå dikt han hadde i Setesdølen.

Turre strender

Turre strender,
Vatnedal.
Årets nedbør,
minimal.
Kilowatta
vantar flaum.
Utan det,
– dyre straum.
Manna kom
når Moses bad.
No som då
det nedbør var.
Kraft og varme
trengs det no.
– Kvite manna,
syndeflo…

Lars Rustbøle

Share

Her i huset står det bøker i posar alle stader, og eg burde nok ha skrive om dei på Setesdalswiki og sendt dei vidare, for det er alt for fullt. Men så skriv eg om noko anna og posane får stå.

I dag tok eg fram ein slik pose og i den var det bøker av Lars Rustbøle. I tillegg til hans mange kristelege romanar og  novellesamlingar skreiv han også ein sjølvbiografi, og den tenkte eg at eg kunne lese litt av. Men så slo eg opp på wikipedia og der var det ein artikkel om han, den var rimeleg kort og hadde med nokre titlar på bøkene hans, så då droppa eg lesinga for i dag og fann noko anna å gjere. Men eg vil nok ta fram boka att seinare og lese den. OM eg kjem til å lese romanane, er kanskje ikkje så sikkert.

For si tid var han ein av Norges mest leste forfattarar.Wikipedia har dette om han:

Lars Rustbøle var i sin tid en av Norges mest leste forfattere, og det var som forfatter han var kjent utover landet. Han skrev ca. 70 bøker, som i Norge kom ut i opplag på ca. 1,2 millioner eksemplarer. Over halvparten ble oversatt til svensk, noen også til dansk. Han skrev også en mengde noveller, avisartikler og debattinnlegg, så vel som andakter og betraktninger.

Eg tok eit bilde av nokre av bøkene hans:

Kan være et bilde av 1 person

 

Gamaveke og folkemusikkhelg

Share

I kveldens sending var Amun Løvland og fortalde om gamaveka extreme som går føre seg på Bygland denne veka. Det var færre deltakarar enn vanleg i år, korona må nok ta skulda for det. Men fram mot helga skulle det kome fleire, så det blir nok høve til å sjå fine svev over Byglandsfjorden i dagane som kjem.

For den som har lyst på ein luftseilas er det også mogleg å få vere med, det skulle visst endåtil kome ein som skulle vere med i rullestol.

Setesdal folkehøgskule har ei linje for friluftsliv der ein også kan drive paragliding og linjelærar Severin Eilertsen fortalde om det før styreleiar Olav K. Hovet var med og fortalde meir om folkehøgskulen generelt. Framleis er ikkje skulen heilt full, dei kan ha 80 elevar, og så mange trudde han ikkje dei kom til å få i år heller. Men dei skulle få ny rektor, eg noterte meg ikkje namnet, så det kjem nok ein annan gong.

Siri Johannessen snakka også med Liv Bakke Kvinlog om Setesdal folkemusikkfestival. Ho er engasjert som leiar av festivalen og ho har allsidig bakgrunn for å vere det. I år vart det ikkje kappleik, bare konsertar, og mange hadde alt skaffa seg billettar. På grunn av korona var også der grenser for kor mange billettar som kunne seljast.

Til slutt i kveldens sending fekk vi dette Postludium-programmet, det er jo olsok denne veka:

* Trond Hans Farner Kverno: ‘Intrada over hymnen Rex Olavus’, spilt av kantor Arnfinn Tobiassen på Rieger-orgelet i Bergen domkirke.
* Hymnen Rex Olavus, oppført av Schola Sanctae Sunnivae, ledet av Anne Kleivset.
* Johan Kvandal: ‘Koralforspill over «Ljoset yver landet dagna», spilt av kantor Arnfinn Tobiassen på Verschueren-orgelet i Vår Frelsers kirke, Haugesund.
* Ludvig Nielsen: Andre sats fra Fantasi over to gamle olsokmelodier, op. 4. «Dette er dagen som Herren har gjort»: «Toccata», «Antiphony» og «Chorale». Spilt av Bjørn Moe på Steinmeyer-orgelet i Nidarosdomen.

Malla Moe

Share

Torbjørn Greipsland har ein artikkel om Malla Moe i boka si om norskamerikanske misjonærar, Helt til jordens ende. Ho var misjonær i Swaziland, Eswatini, som landet no heiter. Det er landet der Kristine går på United World College. Det er mange slike skular rundt om i verda, ein ligg i Fjaler her i landet.

Det minner meg om diktet Då Gud heldt fest i Fjaler av Jakob Sande, men no må eg ikkje kome på viddene, det var Malla Moe eg skulle skrive om. Ho var frå Hafslo, men foreldra emigrerte til USA og der fekk ho misjonskall. Utan spesiell utdanning reiste ho til Afrika og fekk der inngang i samfunnet like til topps endåtil. I boka er det eit bilde der ho sit i bønn saman med dronningmora, det kom endåtil på frimerke i landet.

Nesten 90 år gammal døydde ho i landet der ho hadde budd frå 1893 til ho døydde  i 1953. I gravferda kom representantar for alle stammene i landet. Dei siste åra var ho sjuk og kunne ikkje kome rundt i landet. Då fekk ho laga ei vogn som ho reiste rundt i og då ho ikkje lenger kunne reise, kom folk for å vere hos henne på skift, heilt til ho døydde.

Du kan lese meir om henne i fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.

https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/18e3a240-61ea-42eb-8a64-ea76496b3674/

Forfriskande

Share

Når ein sit og sveittar utan å gjere noko som helst anna enn å sjå i avisa, ikkje ein gong orkar å skrive på Setesdalswiki, då er det av og til slik at ein lengtar etter eit veromslag, endåtil om det skulle medføre regn for ferierande sommargjester.

I dag var det slik, så eg tok meg ein føremidagslur. Og då dukka Linda Rabbe Haugen opp med honning frå nabolaget. Men ettersom eg sov, vart det ikkje noko møte på terrassen denne gongen. Men honningen var velsmakande då eg prøvde den på ei brødskive til kvelds, så takk til Linda, honningen hennar bør få god avsetnad, og etter det eg forstår er det sjølvbetjening i eit kjøleskap i Harkmark.

Men i kveld tok vi oss på tak og fekk skrive inn overskriftene i dei tre siste Setesdølen. Eg skulle nok ha skrive artiklar om noko av det som står der også, men det utsette eg til i morgon. Vonar eg har litt inspirasjon då.

Og så vonar eg at det regnet som kjem, kan vere litt forfriskande på naturen, akkurat som ein smoothie av mango, papaya og ananas var det då eg fekk den i føremiddag. Det var Helge som hadde funne blandinga i frysedisken på butikken og tenkte at det kunne vi ha godt av. Godt var det, og godt gjorde det.

Kan være et bilde av drikk og innendørs

Slåttedag 2021

Share

Det går visst mot slutten av godveret no, på måndag ventar vi nedbør, etter det meteorologane meiner. Eg trur nok naturen kan ha godt av ei rotbløyte, sjølv om feriefolket nok helst ville hatt godver ei veke til.

Vi har ein nabo som tek slåtten for oss, Tor Arne Frivold. Han har stor respekt for FIdja, det lågaste og våtaste jordet vårt. Då dei mudra bekken som skal ta unna vatnet, var det eit lite berg som ikkje vart sprengt, så på eit visst nivå, stoppar avrenninga. Difor må turken kome ovanfrå, og det er ikkje ofte at det er turt lenge nok til at han kan kome utpå. Men i dag gjekk det.

Vi har også eit jorde bak husa våre. Det treng å bli slått om det ikkje skal gro til, men det måtte han utsette til neste år, for i år var graset blitt så høgt at det var vanskeleg å sjå kva som var under. Om det var steinar og anna graps som kunne øydelegge utstyret, så ville han helst sleppe det.

Med i traktoren var vesle Laurits på to-tre år. Ein skal tidleg krøkjast om ein skal bli god krok, og det gjeld sikkert for traktorkjøring også.

Kan være et bilde av gress og natur

Andre minne

Share

I dag kom eg til å lese noko om Den indre Sjømannsmisjon, eg arbeidde i den organisasjonen i fire år, frå 1972 til 1976. Den gongen var John Olav Larssen generalsekretær, så eg leita litt på nettet for å finne noko om dei andre som var leiarar av organisasjonen. Men det var lite å finne, så eg skjøner at eg har ei oppgåve når eg får inspirasjon til det.

I slike tilfelle skal minna helst stadfestast med kjelder utanom eige hovud, så eg må nok finne nokre kjelder og sjå kva eg kan få gjort.

Bakgrunnen for dette var at eg kom over namnet Sverre Stura i ein artikkel eg las. Då eg kjende han, var han landssekretær i DISM og på slutten av si tenestetid som lønna arbeidar. Men han stod på også eter at han hadde fått pensjon, og for innsatsen fekk han også påskjøning av Kongen.

I leitinga mi oppdaga eg at det ikkje var mykje om folka i den organisasjonen. Men no har eg Setesdalswiki, så eg vil nok prøve å få ned noko leksikalsk stoff om dei som eg samarbeidde med. Kan hende klarar eg å finne ei bok også etter kvart.

Den gongen heldt organisasjonen til i Domkirkegt. 4, like ved politihuset i Bergen. Sidan vart hovudkontoret flytta ut av Bergen sentrum. Eg får sjå kva eg finn etter kvart.

Minnedag

Share

Nasjonal minnedag ti år etter Utøya-massakren og eksplosjonen i regjeringskvartalet vart markert med sending på TV i heile dag. Ein kunne neppe unngå å få med seg noko av det om ein hadde på TV i dag, sjølv om ein kunne velje andre kanalar og få eit tilnærma vanleg program.

Her i stova valde vi å følgje Statsraad Lemkuhl si ferd mot Bessaker ei stund, men tv var også av i lange periodar. Eg ville gjerne bli ferdig med boka Den savnede søsteren, som eg lånte i butikken på Bjelland då vi var på tur måndag.

Eg hadde trudd det var siste boka i serien, men då eg kom til slutten, synte det seg at den siste boka kjem ut til neste år. Så då har eg noko å gle meg til, for serien er fengslande å lese. Om du lurer på kvifor det er blitt lite skriving av meg på Setesdalswiki denne veka, så har du svaret no.

Eit prosjekt i sommar har vore å gjere klar for å skifte ein vegg i låven. Difor har vi fått ein palle med bord som barnebarna no held på å male. Det er lettare å male bord som ligg, enn bord som står, for når dei står, må malaren også stå, og då blir det stige eller lift. Vi leigde ein lift også, for å få malt bord som står og som er skifta tidlegare.

Men i arbeidsøkta treng arbeidsfolka pause, og i dag var det vaffelpause. Eg burde ha teke bilde av gjengen rundt vaflane, men då eg kom på det, var dei oppetne. Difor vart det bare eit bilde av det som stod att på bloggen i kveld.

Kan være et bilde av drikk, innendørs og tekst som sier 'FARRIS 3 PANT 200721 ROMME ('