Sørlandsgaloppen

Share

Denne helga er det Sørlandsgaloppen. Over 1000 orienteringsløparar i alle aldrar er i regionen for å springe og konkurrere om heder og ære. Det legg press på å finne overnatting, og vi vart velsigna med besøk av Margrete Solvik og hennar familie. Då vi budde på Stokmarknes, var vi kolleger med foreldrene hennar, Ester og Ole Vidar Solvik, så ungane deira vaks opp saman med våre.

Margrete og familien bur i Bergen, no skal dei springe på Sørlandet denne helga, og det er ikkje sikkert vi får sjå så mykje til dei, for dei har det travelt. Margrete jobba tidlegare på Sørlandet sykehus Kristiansand, så ho har mange vener frå den tida som ho også vil besøke. Men i kveld stakk dei innom oss, og då vart det mimring om vener og kjende frå tida vår i Vesterålen.

Dagens konkurranse var gateløp i Mandal. -Korleis gjekk det, sprude eg. -Vi vart ikkje sist, var svaret, og meir fekk eg ikkje vite om det sportslege resultatet. Det verka som om det viktigaste ikkje var å vinne, men å ha det hyggeleg. I morgon er det løp i Furulunden med start ved Lysthuset, så om du er ute på tur i området frå etter klokka 14, vil du nok treffe på dei. Men det er lova regn, så kan hende får dei ha området for seg sjølv utan så mange andre på tur.

For meg og Reidun blir morgondagen ein ny tur til Arendal der Reidun skal ha kontroll på auget etter operasjonen.

Margrete og Håkon i gyngestolen, Emilie i sofaen

Kan være et bilde av 1 person, barn, sitter og innendørs

Kan være et bilde av 1 person