Overflod

Share

Medan Rønnaug og familien er på ferie, har dei omadressert Aftenposten til oss. Frå før har vi Setesdølen, Lindesnes, Fædrelandsvennen og Vårt Land. Det blir fem aviser på mange av dagane, sjølv om ikkje alle kjem ut kvar dag.

Sjølv for ein aviselskar kan det bli i meste laget.

Men det er mykje å følgje med på og lese om. I dag var hovudsaka i Vårt Land ein stor artikkel om ein vanskeleg personalsituasjon i kyrkja på Jørpeland i Ryfylke. Etter å ha lese den, kunne ein nok konkludere med at kyrkja er ingen sundagsskule, om ein med sundagsskule meiner god og snill og grei med alle. Heller ikkje sundagsskulen var slik alltid., forresten.

I Fædrelandsvennen handlar det mykje om Sørlandsnyhetene, som visst er ei side på Facebook der ein kan kritisere politikarar i bystyret i Kristiansand anonymnt, karakterisere dei, eller rettare karakterdrepe dei, så å vere bystyrepolitikar i Kristiansand er heller ingen sønsdagsskule om ein legg same definisjonen til grunn. Men der får politikarane pengar ut av dansen, for debattane er så lange og intense at dei ikkje rekk over saklista, og så må dei ha ekstra møter med ny utbetaling av godtgjersle.

I Kristiansand har dei kvar haust ein Protestfestival, programmet for den var visst klart no, men eg har ikkje sett det enno. Om politikarane stiller opp der, veit eg derfor ikkje, men sjølv om den heiter Protestfestivalen, har den meir eit preg av å vere ein dialogfestival.

Og dialog er godt, om folk set seg saman og snakkar for å forstå kvarandre, då kan det endåtil blir fred i Midt-Austen, las eg ein stad. Men om dei lukkast på Jørpeland eller i Kristiansand eller i Valle, det vil tida vise.