Predikant og forfattar

Share

I dag skreiv eg ein artikkel på Setesdalswiki som eg har ruga på ei stund. Den handla om predikanten som vart journalist og forfattar, Harald Stene Dehlin. Han var frå Tune i Østfold og hadde mange ulike jobbar før han kom på Indremisjonsselskapets bibelskole i Oslo. Der gjekk han på toårig sekretærlinje og sidan vart han predikant og ungdommssekretær for Indremisjonen i Kristiansand.

Dette var før krigen, så det er nok ikkje så mange som hugsar han frå den tida, sjølv om han truleg var i Setesdal den gongen. Han var også med i illegalt pressearbeid under krigen og måtte i fengsel for dette.

Om det var dette pressearbeidet som gjorde at han vart biten av journalistikken, veit eg ikkje, men alt under krigen gav han ut fleire romanar, så skrivelyst, det hadde han. Men det kom knapt fleire skjønnlitterære bøker frå han etter krigen, Då fekk han jobb i Vårt Land, seinare i Morgenposten. I 1963 begynte han i Aftenposten som journalist med spesialitet på kyrkje- og kristenliv, og der vart han verande til han gjekk av med pensjon.

Som journalist gjorde han mange reportasjereiser, og mange av dei vart også til bøker. Han skreiv historieboka om Misjonsalliansen då dei var75 år i 1976.

Sjølv møtte eg han då eg var med på eit seminar for kristne journalistar det året. Sidan var eg saman med han då eg var med i representantskapet i Misjonsalliansen medan John Olav Larssen var tilsett der.

Difor var det moro å kunne skrive om han på Setesdalswiki, ikkje minst ettersom eg fann ut at Wikipedia ikkje hadde artikkel om han til tross for at han gav ut minst 20 bøker.

Men bilde av han, det var vanskeleg å finne.