93400

Share

I dag runda vi eit nytt hundretal. Det var datoartikkelen 31. juli 2021. No som samfunnet opnar opp meir etter korona, blir det fleire aktivitetar ein kan melde om, og på denne datoen er det både kunstutstilling og folkemusikkfestival. Då eg etter å ha skrive artikkelen om Ole Tom Nomeland, han vart 50 år 9. juli 2021 og hadde fødselsdagsomtale i Aftenposten, skulle sjekke talet på artiklar, var vi plutseleg på veg mot 93 500 artiklar. Om det går like fort som denne gongen, lurer eg litt på, for no brukte vi bare fem veker på 100 nye artiklar.

Det skreiv eg på Såpekassen, diskusjonssida på Setesdalswiki. Den er det ingen som bruker, vi er ikkje så mange som skriv, så diskusjonar blir det lite av. Det synest eg er bare bra, på Wikipedia diskuterer dei om alt mogleg, men då går artikkelprodusjonen ned.

Torbjørn Greipsland er tilbake i Mandal og han kom ut ein tur. Då fekk eg lista hans frå boka Helt til jordens ende med namn på 862 norskamerikanske misjonærar som eg kunne legge ut på Setesdalwiki. Den ligg nå ute, oppgåva blir å skrive om alle desse misjonærane. Det får kome etter kvart.

Som du skjønar, er ikkje Setesdalswiki avgrensa til Setesdal. Då vi starta, var vi nok det, men nettstaden et seg ut over grensene både til dalen og landet. Når ein googlar noko, finn jo søkemotoren det lett, same kva nettstaden heiter, så eg har ingen planar om å bytte namn, og avisa Setesdølen sine overskrifter gir nok framleis mest grunnlag for artiklar.

I dag vart det altså artikkel om setesdølen Ole Tom Nomeland, han bur på Nesøya i Asker, men trødde barneskoa på Rysstad. Så får vi sjå kor vidare skriving fører oss.