Norskamerikanske aviser

Share

I dag la eg ut på Setesdalswiki ein artikkel av Torbjørn Greipsland. Den handla om norskamerikanske aviser og var forma som eit debattinnlegg i samband med utgjeving av ei bok om emnet. Tittelen var: Storverk om norskamerikanske aviser, men beklagelig ensidighet og boka var «Norske aviser i Amerika», utgitt på Scandinavian Academic Press. Sidetallet er 478.

Torbjørn var innom og vi hadde ein hyggeleg prat denne supervarme dagen. Då han gjekk, ville han ein tur på Sjøsanden og bade, kanskje ikkje på sjølve stranda, men på ei av dei strendene som ligg like ved.

Det er rart å tenke på at det var nesten 300 norskspråklege aviser i USA. Sjølv hugsar eg Decorah-Posten, som av ein eller annan grunn kom til oss då eg var ung. Men vi hadde få slektningar i USA, så Amerikapakkar var ikkje noko vi snakka om hos oss.

Eg trur nok Reidun hadde fleire, då vi hadde sletsstene for etterkomarar etter oldeforeldra hennar, kom det 21 personar frå USA. Dei var kanskje tremenningane hennar, og dette var første høvet til å ta ein tur. Vi var samla over 100 personar på Skjernøy, og på veggen i stova heng eit bilde frå arrangementet.

Det hadde vore moro å lage artiklar om nokre av dei norskamerikanske avisene her på Setesdalswiki. Fleire av dei som er omtalt i Torbjørn sin artikkel, har omtale på Wikipedia, så det kunne nok vere mogleg å finne stoff om ein stod på hardt nok.

Men det er tusenvis av andre røde lenker på Setesdalswiki, så det blir nok ikkje ei prioritert oppgåve. I staden får eg prøve å følgje opp litt av det som skjer i Setesdal no og få på plass artiklar om det. Men truleg må eg bare innsjå at eg klarar ikkje å dekke alt der heller.

Akkurat som dei norskamerikanske avisene, det blir bare små glimt.