Forfriskande

Share

Når ein sit og sveittar utan å gjere noko som helst anna enn å sjå i avisa, ikkje ein gong orkar å skrive på Setesdalswiki, då er det av og til slik at ein lengtar etter eit veromslag, endåtil om det skulle medføre regn for ferierande sommargjester.

I dag var det slik, så eg tok meg ein føremidagslur. Og då dukka Linda Rabbe Haugen opp med honning frå nabolaget. Men ettersom eg sov, vart det ikkje noko møte på terrassen denne gongen. Men honningen var velsmakande då eg prøvde den på ei brødskive til kvelds, så takk til Linda, honningen hennar bør få god avsetnad, og etter det eg forstår er det sjølvbetjening i eit kjøleskap i Harkmark.

Men i kveld tok vi oss på tak og fekk skrive inn overskriftene i dei tre siste Setesdølen. Eg skulle nok ha skrive artiklar om noko av det som står der også, men det utsette eg til i morgon. Vonar eg har litt inspirasjon då.

Og så vonar eg at det regnet som kjem, kan vere litt forfriskande på naturen, akkurat som ein smoothie av mango, papaya og ananas var det då eg fekk den i føremiddag. Det var Helge som hadde funne blandinga i frysedisken på butikken og tenkte at det kunne vi ha godt av. Godt var det, og godt gjorde det.

Kan være et bilde av drikk og innendørs