Gamle utklipp

Share

I dag dukka det opp ei samling med gamle utklipp, 25 år gamle, for å vere meir presis, dei eg såg på var frå august 1995.

Gjennom åra vart det mange kartongar med utklipp frå aviser. Når eg fann noko interessant, klipte eg det ut og la det i mapper. Dagen etter kom det meir interessant, så mappene var ganske full eetter kvart. Men korleis skulle ein ha nytte av det?

Det meste frå den samlinga som dukka opp i dag, gjekk i søpla, men noko overlevde. Eg måtte lese det, kan hende var det noko som kunne gi artiklar til Setesdalswiki, eller kanskje ein blogg.

Før dei gamle utklippa dukka opp, hadde eg hatt ein liten lur. Men eg vart vekt av telefonen. Det var ein som hadde sett mitt namn på Wikipedia, eg er oppført som ein som folk kan spørje om dei lurer på noko som gjeld wikipedia. Det vedkomande lurte på, var om ein kunne få skattefrådrag for gover til Muhammedanarmisjonen.

Det kunne eg ikkje svare på på ståande fot, så eg måtte undersøke, og hos Skatteetaten fann eg ei lang liste som med organisasjonar som ein kunne støtte og få skattefrådrag, men Muhammedanarmisjonen var ikkje der. Så eg snakka med han att og fortalde det, men det verka som om han likevel ville støtte organisasjonen, som no heiter Lys over Land.

Tilbake til dei gamle utklippa som dukka opp. Eit var med eit dikt av Paal Vollen. Hans særmerkte stil kjenner mange frå dikt han hadde i Setesdølen.

Turre strender

Turre strender,
Vatnedal.
Årets nedbør,
minimal.
Kilowatta
vantar flaum.
Utan det,
– dyre straum.
Manna kom
når Moses bad.
No som då
det nedbør var.
Kraft og varme
trengs det no.
– Kvite manna,
syndeflo…