Arendalstur

Share

Eg er glad eg slepp å kjøre til Arendal så ofte. No har vi vore der eit par gonger i vår i samband med at Reidun fekk problem med auga og augeavdelinga for Sørlandet Sykehus held til i Arendal. På gode vegar aust for Kristiansand går turen unna, og det er jo flott å sjå at den nye vegen vest for Kristiansand også tek form.

Kvar gong vi kjører forbi, undrast vi oss over koleis dei greier å halde hjula i gang når det gjeld logistikken i arbeidet: At ein gravemaskin skal vere her eller der, at lastebilane skal kome til rett tid, at betongbilane skal levere betong når det er klart til støyping. Alt det planleggingsarbeidet som må til, det krev systematikk og orden i mange ledd.

Så kjem vi aust for Kristiansand, og der blir det annan fart, då går det opp i 100 km i timen og mila blir fort lagde bak oss. Det er nesten alltid nokon som har meir hast enn andre, så ein må ha augo med seg i speil og elles og kan ikkje bruke mykje tid på alle duppedittane som kunne vore greie å bruke, til dømes for å justere vinden frå aircondition når det går ut over dagen og sola varmar eller å finne nyhetene på heil time.

Mange likar å  ha høg musikk på når dei kjører, av og til kan vi høyre bilar utanfor huset vårt med drønnande bass lenge før vi ser dei. Men vi likar å ha det stille, vi snakkar litt saman eller bare nyt å vere på tur i lag.

Vel framme finn eg ein plass å parkere og Reidun går inn for å få ta den kontrollen ho er innkalla til, Og så er vi på heimveg att.  Denne gongen vart turendokumentert med eit bilde frå bilen der vi ser inngangen til sjukehuset. Som i Kristiansand må vi gå gjennom ei tube og får spørsmål om korona før vi får gå inn.

Kan være et bilde av en eller flere personer, gate og tre

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *