Finsland kirke

Share

Då vi kjørte i FInsland i går og kom til Finsland kyrkje, måtte eg tenke på Gaute Heivoll si bok Før jeg brenner ned. Det var ei god bok om ei tragisk hending. Vi stoppa der bare så vidt, men i tankane stoppa eg nok litt lenger.

I går tok vi vegen over Koland, den hadde eg knapt kjørt før. Når eg kom frå Setesdal og kjørte nedover, tok eg av på Hægeland og så kom eg via Brandsvoll til Marnardal. Av og til tok eg også vegen over Finsådal og kom ned lenger sør i Mandalen.

Då kom eg også forbi heimen til Berit Follerås. Ho er lærar på Hovden vidaregåande skule, skigymnaset, og vi var ein del saman då eg var fagforeningsaktiv i Lærerforbundet. Seinare vart alle organisasjonane innan utdanning til Utdanningsforbundet, men det er ei anna soge.

Ein gong reiste eg og Berit saman på møte i Lærerforbundet i Arendal, det var det året folk snødde inne på E18. Vi som hadde lang reiseveg, hadde fått løyve til å dra kvelden i forvegen og overnatte før møtet. Så Berit kom med bussen frå Hovden på ettermiddagen og så reiste vi nedover. Vel framme sjekka vi inn på Grand Hotel, der møtet skulle vere. Så fekk vi oss mat og hadde ei god natt. Neste morgon var heile Arendal snødekt, då vi åt frukost, såg vi folk gå på ski i gata utanfor hotellet.

Vi var dei einaste som kom til møtet den gongen, så møtet vart avlyst og vi måtte bare hente bilen i parkeringshuset og dra heimover att. Den turen gjekk greitt, vi lirka oss ut av snøfennene i Arendal og kom oss over på Evjevegen, og der var det ikkje noko problem på vegen, snøen hadde knapt kome innanfor E18. På Evje vurderte Berit å vente på bussen til Hovden, men  eg skulle til Mandal. Så ho vart med nedover til Finsland og så vart ho sidan kjørt til Hægeland eller kor det no var for å ta bussen om ettermiddagen.

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *