Eg blir stadig overraska over alle dei interessante tema som Siri Johannessen tek opp i Valle Radio. I sendinga i kveld er skal det handle om Sigurd Sørpol, mannen som overvintra på Sørpolen. Ho har ved hjelp av Harald Dag Jølle frå Norsk Polarinstitutt funne den siste attlevande frå ein av hans ekspedisjonar, Hans Martin Henriksen, og han blir med i programmet.
Dette skjer i programmet Folk og musikk klokka 18.30. Der vil vi også få høyre Gunnar Stubseid fortelje om maleriutstillinga i Valle Handel i sommar. Bykle og Valle kunstlag har fått til ei spennande utstilling. Til slutt i programmet blir det eit innslag med Tarald Myrum om sauesjåmarknaden 2021.
I Postludium klokka 20.30 får vi høyre orgelmusikk bygd på folketonar. Melodiane som er brukte er I himmelen, i himmelen, Kjærlighet er lysets kilde og Ingen vinner frem til den evige ro.
Eg lurer på om dei song på Sørpolen. Kan hende salma Fra fjord og fjære passa, der heiter det i eit av versa, tekst: M.B. Landstad 1856 melodi: H.O.C. Zinck 1801
Her ute kulde / er nu og dypen sne, / Guds himler fulle / av stjerner dog å se. / For oss opptennes / en deilig nådesol, / Guds åsyn vendes / til oss fra himlens stol; / når allting endes, / vi der skal holde jul!
Tirsdag 13. juli
18.15 Andakt skrevet av Thore Haukner
Malerkunst i Valle Handel: Gunnar Stubseid
Sauesjåmarknad i Valle! Tarald Myrum