2000 biografiar

Share

I Presteboka 1974 er det om lag 2000 biografiar. No har eg begynt å skrive inn alle namna frå boka, slik at eg skal ha noko å strekkje meg mot. Målet er å få små biografiar om alle desse prestane på Setesdalswiki.

Eg har mange gonger undra meg over at kyrkje og kristenliv så ofte blir marginalt omtalt i vår tid. Når ulykker skjer, søkjer folk til kyrkja og prestane gjer ein stor jobb i kriser, men i det daglege har det på ingen måte same status å vere prest som det var før. No er ikkje status så mykje å strekke seg etter, det er ikkje det eg meiner, men å ha ein ressurs i møte med sorg og sakn, det meiner eg er viktig i eit samfunn.

Sjølvsagt er det også viktig at det er høve til å ha folk til å forkynne evangeliet i små og store bygder og byar, slik at folk kan møtast, ikkje bare få eit digitalt gudsord gjennom ein skjerm.

Då er det godt å kunne vite noko om dei som talar, og slike små biografiar kan difor vere nyttige. Den presteboka eg har er frå 1974, så dei som er med der, er vel pensjonistar, alle saman, men å få vite kven dei var som hadde teneste i kyrkjene i Setesdal og elles i landet, kan jo vere interessant, det også.

Boka fann eg i ein bruktbokbutikk for nokre år sidan. Då eg kom til skranken og skulle betale, vart dei som stod i kassa interesserte og lurte på om dei kunne finne sin konfirmasjonsprest der. Eg hugsar ikkje om dei gjorde det.

Til vanleg skriv vi om lag 1200 nye artiklar på eit år, Om vi bare skulle skrive om prestar, ville det likevel ta eit par år å dekke alle frå denne boka. Så dette er ikkje eit arbeid som er gjort i ei handvending. Men om vi får tid og får leve, så trur eg det vil ha ein verdi å få desse biografiane tilgjenegelege på nett.