Sju år

Share

I Bibelen vert det forfalt at Jakob måtte tene i sju år hos Laban før han kunne gifte seg, men då fekk han ikkje den han ville ha, så han tente i sju år til for å få Rakel etter å ha fått Lea først.

Sju år er vel også det normale når det gjeld utdanning til prest. Ein skal studere latin, gresk og hebraisk for å kunne lese Bibelen på originalspråket, og så skal ein ha alle andre faga som høyrer med i den teologiske utdanninga.

Når eg dei siste dagane har skrive inn namn på prestar frå Presteboka 1974, har eg ofte tenkt på all innsatsen som ligg bak før dei kunne bli ordinert og kome ut i teneste. Så har dei hatt teneste på mange ulike plassar, som oftast i bolkar på 5-7 år før dei braut opp for å dra til ein ny plass. Svogeren min, Gaute var misjonær i Bangladesh, men då han kom heim etter endt teneste der og etter kvart fekk teneste på Varhaug og Vigrestad, valde han å bli der til han gjekk av med pensjon.

Av og til kan det nok vere at det er godt for ein kyrkjelyd å få ny prest, forkynninga er jo personavhengig. Men om ein ikkje snur bunka og klarar å halde gløden, vil det ofte vere godt for ein kyrkjelyd å ha ein prest som kjenner dei han har teneste blant, han har jo møtt dei både i dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd. Heldigvis er det ikkje så ofte at ein prest må følgje ein han har konfirmert til grava, men heile storfamilien er jo involvert i slike merkedagar, så om ein har lag for å vere saman med folk i glede og sorg, kan prestetenesta vere meiningsfull også når ein står lenge i tenesta.

Slik opplevde eg Torodd Bakken som var prest i Hadsel då vi budde på Stokmarknes og som vart ein god ven. Han stod saman med kyrkjelyden sin i sorg og glede og hadde mange gode år i tenesta på same staden.

Langt meir enn sju år.